- Det viktigaste er at bussane held ruta

Rudi Lihaug var ein mange bussreisande som fredag morgon fekk ein kopp kaffi, smoothie og berenett frå Miljøløftet. Han var innom bussterminalen på Straume litt etter klokka halv åtte på veg frå Brønndalen til jobb på Ågotnes.

Rudi Lihaug tykte vel om å få ein kopp kaffi på veg til jobb. Varordførar Anita Garlid Johannessen spanderte. - Klikk for stort bileteRudi Lihaug tykte vel om å få ein kopp kaffi på veg til jobb. Varordførar Anita Garlid Johannessen spanderte.

Fredag morgon var det tjuvstart på Mobilitetsveka 2024 i Øygarden med utdeling  av godbitar til dei vegfarande på veg til skule og arbeid. Der møtte dei Miljøløftet med sine medarbeidarar og varaordførar Anita Garlid Johannessen og Unni Sørensen frå Øygarden kommune.

I Mobilitetsveka 2024 skjer det mest i Øygarden måndag 16. september og onsdag 18. september. Måndag er sykkelshow og aktivitetar for elevar på Spildepollen sykkelpark frå klokka 09.30 og på grusbanen ved Fjell ungdomsskule/Sotra vidaregåande skule klokka 13.00. Onsdag 18. september kan alle som vil delta på gratis lunsjseminar på Øygarden rådhus på Straume kl. 11.00-12.30 der temaet er smarte reiser – betre trafikkflyt. Les meir her og meld deg på. 

Rudi Lihaug jobbar periodevis offshore i Nordsjøen, men har enkelte periodar oppdrag for firmaet på Ågotnes. Då nyttar han buss til og frå jobb.

- Vanlegvis skiftar eg buss på Frida Fasmer i Loddefjord og tek bussen vidare direkte til Ågotnes. I dag gjekk turen via terminalen. Det tek om lag 50 minutt frå heim til jobb med buss, seier Rudi Lihaug.

Det er verre når han skal heim etter jobb. Då går det gjerne opp mot to timar.

- Bussen som går frå Ågotnes kjem frå Bergen. Vanlegvis er han kraftig forseinka, gjerne opp mot 45 minutt. Det viktigaste er at bussen er presis. Uansett var det fint å få ein kopp kaffi i dag, seier Lihaug.

Her er fleire bilete:

Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Varaordførar Anita Garlid Johannessen,  Rådgjevar kultur, idrett og frivilligheit Unni Sørensen, Ida Kristoffersen (Miljøløftet), Juan Manuel Antacruz (Miljøløftet) og Synne Øverland (Miljløftet) - Klikk for stort bilete


 Tekst og foto: Vigleik Brekke