- Det var gøyast med Bjørnis

Når vi utfordra ein av deltakarane på motorikkgruppa på Straume terapisenter denne veka, var svaret klart. Det var kjekkast å få møta sjølvaste Bjørnis.

Frå aktivitetane - Klikk for stort bileteBesøk av Bjørnis er garantert suksess.

To ergoterapeutar og to fysioterapeutar har over seks veker i haust hatt motorikkgruppe for barn som treng ekstra oppfølging før skulestart. 

Med to samlingar kvar veke, er 12 motorikkgruppesamlingar gjennomførte når siste samlinga er torsdag denne veka er over.

På samlinga på tysdag stilte Øygarden brann og redning opp med Bjørnis. Det er garantert suksess.

-    På samlingane har vi denne hausten hatt ni barn i alderen fire til sju år. Alle barna har med seg ein vaksen frå barnehage eller skule. Dette skal vera lystbetont, seier Vibecke Lynge som er fysioterapeut. 

På samlingane vert gruppa delt i to; ei med finmotorikk leia av ergoterapeutane og ei gruppe leia av fysioterapeut med grovmotoriske aktivitetar. Målsetjingane er laga i samarbeid med barnehage, foreldre og med innspel frå fysioterapeut. Dette har vore utgangspunkt for dei ulike aktivitetane i perioden.   

Aktivitet - Klikk for stort bilete

På finmotorikkgruppa handlar det mellom anna om skriveførebuande aktivitetar som teikning, fargelegging, bokstavforming og sporingsoppgåver. I tillegg kjem bordaktivitetar som å klippa og lima og trening på å nytta seg av kniv og gaffel. 

- Kvart barn har sin eigen perm der alle oppgåvene og øvingane dei har gjennomført, er samla. Permen får dei med seg heim etter den siste samlinga. Det er kjekt å sjå at dei har fått lyst til å teikna, seier ergoterapeut Eivind Nybakk som saman med ergoterapistudent Helene Hamre jobbar særleg med finmotorikk.

Halvparten av tida har gruppa vore i gymnastikksalen. Der har barna vore med på ulike aktivitetar som hinderløype, stasjonstrening og ulike leikar. Målet har vore å ha lystbetonte aktivitetar som fremjar balanse, styrke, fysisk kapasitet og leik med ball. Fokus har vore på bevegelsesglede og meistring for å styrkja motoriske ferdigheiter som det vert stilt krav til i skulekvardagen.  

Tanken med motorikkgruppa er at øvingane skal ha overføringsverdi til skulekvardagen. Ergoterapeutane og fysioterapeutane er også mykje ute i barnehagane og skulane og får dermed utveksla erfaringar. Dei fire fagarbeidarane opplever at dei utfyller kvarandre godt. 

- Det er like viktig at barnehagen og skulen får innspel til øvingar med barna og at barna får trening i periodane utanom gruppesamlingane, seier Vibecke Lynge.

Deltaking i motorikkgruppa over ein periode på seks veker, viser seg å gje resultat.

-    Vi har ganske intensiv trening med barna. Dette gjev resultat, og vi ser at barna er blitt tryggare på seg sjølv i gruppa og meistrar fleire motoriske ferdigheiter. Vi håpar at vi får på plass ei ny motorikkgruppe til våren, seier Irina Kolltveit.

Her er fleire bilete:

Frå aktivitetane - Klikk for stort bilete
Frå aktivitetane - Klikk for stort bilete
Frå aktivitetane - Klikk for stort bilete
Frå aktivitetane - Klikk for stort bilete
Frå venstre; Vibecke Lynge, Irina Kolltveit, Bjørnis, Helene Hamre, Eivind Nybakk og Ove Geir Stusdal (Øygarden brann og redning) - Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete



Vigleik Brekke