- Det er jo krig

Brannkonstabel Torbjørn Borgen lener seg tilbake i stolen på brannstasjonen på Ågotnes og reflekterer over kva han var med på for to veker sidan.
- Ein biltur på to dagar, så var eg i eit krigsområde. Kontrastane er store, seier han. Turen til Ukraina har gjort sterke inntrykk.

På veg til Ukraina. Torbjørn Borgen stod 10 timar i kø for å passera grensa til Ukraina. - Klikk for stort biletePå veg til Ukraina. Torbjørn Borgen stod 10 timar i kø for å passera grensa til Ukraina.

Måndag 14. august køyrde Torbjørn ein godt utstyrt brannbil om bord i ferja på Jektevikterminalen i Bergen. Målet var å overlevera brannbilen til brannmannskapa i den ukrainske byen Lviv. Brannbilen var donert av Øygarden brann og redning. Seint laurdag kveld den 19. august var Torbjørn tilbake i heimlandet.

- Eg er ikkje framand for ein ny tur. I ettertid ser eg at det ville vore ein fordel å vore to personar på ein tur som dette. Men med eit godt samarbeid med organisasjonen Fritt Ukraina var det gjort eit godt arbeid med å ordna formalitetar og formelle dokument, seier han.

Store kontrastar

Det er stort behov for brannutstyr og brannbilar i det krigsherja landet. Brannstasjonar er viktige mål for fienden.

- Sju tusen utrykkingskøyretøy er bomba og øydelagt så langt i krigen. Ved å vera med på dette, får eg vera med på noko stort, seier Torbjørn.

Den ukrainske byen Lviv ligg vest i Ukraina om lag 10 mil frå grensa til Polen. Sjølv om byen ikkje ligg i dei mest krigsprega sonene, er ein ikkje trygg der heller.

- Det var rart å koma til Lviv. Alt såg ut til å virka normalt på dagtid. Butikkar, kaféar og restaurantar var opne. Klokka 23 var det portforbod. Då vart alt lyst sløkt av og byen vart mørklagt. Kontrastane var store, seier Torbjørn Borgen.

Handlesenter i Lviv - Klikk for stort bileteHandlesenter i Lviv

Spennande reise

Det starta altså med ferjetur frå Bergen til Hirtshals sponsa av Fjordline. Etter fortolling sette Torbjørn kursen mot grensa til Tyskland og kom fram til hotellet i Berlin tysdag kveld etter ein køyretur på 865 kilometer. Det vart ein lang etappe neste dag også. Etter 75 mil kom han til Krakow tidleg onsdag kveld.

- Eg kontakta hovudbrannstasjonen i Krakow og fekk overnatta i eit husvære knytt til stasjonen og fekk omvising. Neste dag gjekk turen til byen Rzeszow som ligg åtte – ni mil frå grensa til Ukraina. Her møtte vi andre knytt til Fritt Ukraina. På resten av turen utgjorde vi ein bilkolonne på åtte bilar med utstyr og materiell, seier Torbjørn som fekk ein «tryggleiksperson» som medpassasjer frå Rzeszow til Lviv.

Bilen Torbjørn køyrde var så stor at ein måtte nytta ein anna grenseovergang enn resten av kolonnen. Men korkje Torbjørn eller passasjeren var klar over at det ville ta tid å passera grensa.

- Fredagen stod vi 10 timar i kø ved grenseovergangen frå klokka 09.00 til 19.00. Det var sol og 33 grader, og det var krevjande når vi hadde ein bil utan aircondition. Vi hadde berre fire liter med vatn. Det var for lite. Det var mykje byråkrati og lite folk til å ta hand om alle som skulle passera grenseovergangen. Eg snakka med ein sjåfør som hadde stått i kø i 52 timar, seier Torbjørn.

Biletet er frå ein av dei mindre byane kolonnen passerte mellom grenseovergangen og Lviv. - Klikk for stort bileteBiletet er frå ein av dei mindre byane kolonnen passerte mellom grenseovergangen og Lviv.

- Når vi tok fatt på siste etappe såg vi tydeleg at vi var kome til eit anna land. Frå firefelts motorveg i Polen, køyrde vi to-felts veg i Ukraina med vekslande kvalitet. Om kvelden møtte vi leiaren av mottakshjelpa og åt middag saman med henne og varaordføraren i Lviv.

Neste dag måtte Torbjørn opp klokka seks for å ta drosje til grenseovergangen til Polen og ny drosje til Krakow føre turen gjekk med fly via Amsterdam og Oslo til Bergen.

- Då var eg sliten etter ei krevjande reise, seier Torbjørn Borgen som neppe seier nei til ein ny tur til Ukraina om det skulle koma spørsmål om noko slikt.

Her er fleire bilete:

Hovudbrannstasjonen i Krakow - Klikk for stort bilete
Historisk bygning - Klikk for stort bilete
Kø ved sjekkpunkt - Klikk for stort bilete
Brannstasjon - Klikk for stort bilete
Landbruksområde - Klikk for stort bilete
Ukraina har store landbruksområde - Klikk for stort bilete
Brannbil - Klikk for stort bilete
Kyrkje - Klikk for stort bilete
Bilete av Torbjørn etter heimkomsten.... - Klikk for stort bilete
Kyrkje - Klikk for stort bilete
Trafikk - Klikk for stort bilete
Frå bilvindauga - Klikk for stort bilete
Brannbil - Klikk for stort bilete
Køliste ved grenseovergangen - Klikk for stort bilete


Tekst: Vigleik Brekke
Foto: Privat