- Det er godt å kjenna seg trøytt etter treninga

Magnhild Melvik (88) opplever det godt å få kvila etter ei hard økt i Bildøyhallen. Ho er ein av 15-20 personar som deltek på ei balansegruppe kvar veke.

To spreke damer på balansetrening i Bildøyhallen; Magnhild Melvik (til venstre) og Nora Indrebø - Klikk for stort bileteTo spreke damer på balansetrening i Bildøyhallen; Magnhild Melvik (til venstre) og Nora Indrebø.

Vi møter Magnhild og dei andre som møtte opp i hallen måndag ettermiddag trass i glatte vegar. Hovudansvarleg for balansegruppa er fysioterapeut Henriette Leinæs i helse, meistring og rehabilitering på Straume terapisenter. 

Med seg har ho lærar Joachim Forthun og elevane hans på idrettslinja på Sotra vidaregåande skule. Det er elevane som leiar øvingane som inngår som ein del av faget idrettsleiing.

- Det er godt å koma seg ut

Magnhild Melvik likar å koma seg ut og treffa andre. Den 88 år gamle kvinna har budd åleine på Bildøyna i 30 etter at mannen døydde.

- Det er kjekt å koma seg ut blant folk. Det er godt med litt bøy og tøy. Elevane er alle tiders. Det går roleg og stille for seg her.

- Merkar du at du kjem betre i form?

- Eg opplever i alle høve at eg har gjort noko. I tillegg til dette går eg gjerne på tur om ettermiddagen og handlar på senteret. Eg er ikkje så glad i dette fjernsynet. Det er betre å koma seg ut, men eg må vera varsam når eg er ute og går, seier Magnhild som fortel at ho har to kunstige hofter og eitt kunstig kne.

Magnhild Melvik - Klikk for stort bileteMagnhild Melvik

Balansegruppa starta opp hausten 2023 med trening kvar måndag med elevar frå det andre trinnet på Sotra vidaregåande skule. Utover våren vert treninga på torsdagar og då med elevar frå tredje trinn som instruktørar for gruppetreninga. 

- Dette er eit samarbeidsprosjekt mellom Sotra vidaregåande skule og Straume terapisenter. Det er elevane som leiar treningane, men som fysioterapeut bidreg eg til at vi får funksjonelle øvingar for dei eldre, seier fysioterapeut Henriette Leines.

Frå balansegruppetreninga i Bildøyhallen. - Klikk for stort bileteFrå balansegruppetreninga i Bildøyhallen.

- Litt «pingle»!

Den eldste på treninga måndag ettermiddag var 96 år gamle Nora Indrebø frå Knarrvika.

-  Eg bur for meg sjølv og har ikkje hatt hjelp frå kommunen. Eg kjedar meg ikkje. Kommunen har ikkje hatt kostnader på meg når det gjeld heimetenester og slikt så langt, smiler Nora som er glad for at ho har familie som bur like ved.

- Korleis opplever du denne treninga?

- Tja, dette er jo litt «pingle greier». Vi kunne gjerne hatt litt tøffare trening og litt tidlegare på dagen. Men det er kjekt å møta folk, seier Nora som ganske ofte kjem seg ut. 

Lærar Joachim Forthun seier at denne gruppetreninga passar til kompetansemåla til faget. Etter treninga evaluerte han innsatsen til dei tre elevane som stod for gruppetreninga denne gongen; Jakob Gomez, Knut Midttun og Øyvinn Madsen.

- De møtte gruppa på ein positiv måte, men eg sakna meir engasjement og eit sterkare eigarskap til planen, sa Forthun.

Denne måndagen var også studentane Kristoffer Johnson og Anine Korsmo på plass for å observera. Dei har for tida ein 11 veker lang praksisperiode på Straume terapisenter. 

Her er fleire bilete:

Frå balansegruppetreninga i Bildøyhallen - Klikk for stort bilete

 Tekst og bilete: Vigleik Brekke