- De er ein del av noko større

Nasjonaldagen vart feira i strålande vér i heile kommunen vår. Ordførar Tom Georg Indrevik talte på Kolltveit skule.
- Når de går i tog, viftar med flagga og syng nasjonalsongen, hugs at de er ein del av noko større, sa han til dei mange som møtte opp på skulen i dag.

Ordførar Tom Georg Indrevik talte på Kolltveit skule - Klikk for stort bileteOrdførar Tom Georg Indrevik talte på Kolltveit skule

Varaordførar Anita Garlid Johannessen la ned krans og held tale ved minnestøtta ved Kausland kyrkje. Torill Selsvold Nyborg la ned krans og held tale ved minnestøtta ved Fjell kyrkje. Ingvill Kvalsnes Blom la ned krans ved minnesmerket etter dr. Gjelstein ved Straume helsesenter.

Ordførar Tom Georg Indrevik minna om at vi denne dagen feirer nasjonaldagen, ein dag som minner oss om fridomen vår, uavhengigheit og folkestyret vårt.

- Folkestyre, eller demokrati, er eitt av dei mest verdifulle prinsippa vi har. Det gjev oss alle ei stemme, eit høve til å påverka og forma samfunnet vårt. Det er ei påminning om at makta ligg hjå folket, og at vi saman kan skapa ei betre framtid, sa han.

Han meiner denne dagen også er ein dag for takksemd.

- Vi er takksame for dei som har gått framfor oss og kjempa for dei verdiane vi i dag byggjer samfunnet vårt på og for dei som kvar dag bringer kunnskap om desse verdiane vidare til dei oppveksande generasjonane. Folkestyret er ikkje noko vi kan ta for gitt. Det krev kontinuerleg innsats og engasjement frå oss alle, sa ordføraren.

Innsatsen var ikkje fånyttes

Varaordførar Anita Garlid Johannessen talte ved minnestøtta ved Kausland kyrkje. 

Frå minnstøtta ved Kausland kyrkje. Varaordførar Anita Garlid Johannessen og sokneprest Lars Arne Vik. - Klikk for stort bileteFrå minnstøtta ved Kausland kyrkje. Varaordførar Anita Garlid Johannessen og sokneprest Lars Arne Vik.

- Dei som vi minner her i dag, kjempa for fridom, demokrati og menneskeverd. Innsatsen deira var ikkje fånyttes. No må vi stå saman for solidaritet og fred, sa ho.

Varaordføraren understreka at vi må arbeida for at ein slik tragedie som andre verdskrigen aldri må gjenta seg.

- La dagens barnetog og veiande flagg vera til inspirasjon og motivasjon for å bevara fred og demokrati i Noreg og verda, sa ho.

Må kjempa kontinuerleg

Tidlegare varaordførar i Øygarden, Torill Selsvold Nyborg, talte og la ned krans ved minnestøtta ved Fjell kyrkje etter gudstenesta.

Torill Selsvold Nyborg la ned krans og tale ved minnestøtta ved Fjell kyrkje. - Klikk for stort bileteTorill Selsvold Nyborg la ned krans og tale ved minnestøtta ved Fjell kyrkje.

Ho viste til at i år er det 80 år sidan andre verdskrigen vart avslutta. Vi har også feira 8. mai og fridom og fred, over heile landet. 

- Den sørgelege verdssituasjonen med mange krigar som går føre seg no, viser at fred er ein verdi vi må kjempa for kontinuerleg, som land, og i dei internasjonale fellesskap vi er ein del av. Krigsminna er mange her i Fjell, men ser vi heile Øygarden kommune under eitt, så vart vi veldig hardt råka av den tyske okkupasjonsmakta, sa ho.

Ho sa at også i Fjell var det mange som reiste seg mot den tyske okkupasjonsmakta under den andre verdskrigen. Det var mange gutar og menn i sin beste alder, som ofra seg for landet og fridomen.

- Sokneprest i Fjell, Ingolf Boge, vart som mange av dykk kjenner til, arrestert av tyskarane i 1943, og døde seinare i tysk fangenskap i Tyskland. I Fjell er det også spesielt at det var mange russiske og andre austeuropeiske fangar som omkom under tysk fangenskap, under bygginga av Fjell festning. Og vi kjenner til korleis bygda Telavåg i Sund fekk oppleva kor brutal ein krig er.

Ho ville likevel markera nasjonaldagen som ein festdag for alle. 

- På denne dagen får vi vist at vi står saman om viktige og grunnleggjande verdiar i samfunnet vårt, som likeverd, rettferd og demokrati, sa Selsvold Nyborg.

Formannskapsmedlem Ingvill Kvalsnes Blom la ned krans ved minnestøtta etter dr. Gjelsten. - Klikk for stort bileteFormannskapsmedlem Ingvill Kvalsnes Blom la ned krans ved minnestøtta etter dr. Gjelsten.

Her er fleire bilete:

Frå feiringa på Kolltveit - Klikk for stort bilete
Frå feiringa på Kolltveit - Klikk for stort bilete
Frå feiringa på Kolltveit - Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete



Tekst/red.: Vigleik Brekke
Foto: Privat, Audhild Engelsen, June Indrevik