Budsjettet er i hamn

Litt før klokka 15.30 torsdag kunne ordførar Tom Georg Indrevik slå klubba i bordet for siste gong i kommunestyret dette året. Den store saka var budsjett for 2024 og økonomiplan for 2024-2027.

Kommunestyresalen - Klikk for stort bileteTorsdag vedtok kommunestyret budsjett for 2024 og økonomiplan for 2024-2027.

Det var framlegget til Høgre, Frp, KrF, Sotralista-TVØ, Venstre og Pensjonistpartiet som vart vedteke. Vedtaket inneber at det vert flytta på 25,9 millionar kroner på driftsbudsjettet. 

Nøkkeltal

Det er i 2024 budsjettert med 3,47 milliardar kroner i inntekter og eit netto driftsresultat på 14,9 millionar kroner. Netto driftsresultat skal gradvis aukast til 86,7 millionar kroner i 2027. 

  • Frie inntekter (skatt og rammeoverføringar)              3,062 milliardar kroner
  • Eigedomsskatt                                                           175 millionar kroner 
  • Investeringar i 2024                                                  158,2 millionar kroner 

Investeringar

Dei største investeringane i 2024 er rehabilitering av Fjell kyrkje, asfaltering, utbygging av Grønamyrvegen på Straume, ny ungdomsskule på Bildøyna, Chromebooks (skule), utbetring av Sund ungdomsskule, led-lys, uteområde på Foldnes skule og oppgradering av kultursalen i Øygarden rådhus.

I budsjettvedtaket 21, desember er det lagt inn to ekstrapostar i investeringsbudsjettet i forhold til framlegget frå kommunedirektøren. Det er 4,2 millionar kroner til etablering av heildøgnsteneste på Straume bu- og servicesenter og eín million kroner til prosjektering av fem robustbustader innan rus og psykisk helse. Totale investeringar i 2024 vert dermed 158,2 millionar kroner.

I økonomiplanen (investering) er det lagt inn midlar til ny ungdomsskule på Bildøyna (ferdig i 2028) og ny skule på vestsida (oppstart i 2026). Fram mot 2027 er det lagt inn investeringar for 1,1 milliardar kroner.

Gebyr og brukarbetaling

Gebyr og brukarbetaling er generelt justert i forhold til lønsvekst med 6 %. Unntak frå dette er:

  • Barnehage (følgjer makspris)
  • Kulturskulen 0 %
  • Feiing -22 %
  • Maksprisen i barnehage er kr 3 000, og vert satt ned til kr 2 000 frå 1.8.2024.


For kulturskulen er det ikkje lagt inn auke samt at ein har satt ned prisen for å delta i kor til to tusen  kroner per år. Grunngjevinga for dette er å ha eit rimeleg aktivitetstilbod som femner om dei som ikkje er oppteken av idrett.

ØyVAR

  •  Vatn 1,3 %
  • Avløp 6 %
  • Tømming av private tankar/ slamavskiljar 5,9 %
  • Hushaldningsrenovasjon 8,5 %
  • Kontroll og tilsyn av private avlaupsanlegg 0 %
     

Det var altså budsjettframlegget til fleirtalspartia (Høgre, Frp, KrF, Sotralista-TVØ, Venstre og Pensjonistpartiet) som vart vedteke. Det vart røysta over verbalpunkt i dette framlegget, og dei fleste av dei vart vedtekne samrøystes. 

Det vart også røysta over forslaga frå dei andre partia samla. I tillegg vart det røysta over verbalpunkt frå desse partia. Nokre av enkeltpunkta vart vedtekne. 

Detaljar vil gå fram av møteboka som vert lagt ut om kort tid.

Andre saker i kommunestyret

Etablerer utpatrulje  

Kommunestyret vedtok at det skal opprettast ei permanent ordning med utepatrulje i området Straume og Ågotnes med to årsverk tilsett i barnevernet. Det er ein meirkostnad på 500.000 utover det som ligg inne i budsjettframlegget frå H, Frp, KrF, Sotralista-TVØ og V.  Kostnadene med tiltaket vert dekt ved bruk av disposisjonsfondet.  

Kommunalsjef for Oppvekst, Marius Sylta, presenterte eit notat med konkretisering av aktuelle strakstiltak knytt til ungdomskriminalitet. Her kan du lesa notatet. (PDF, 2 MB)

Kommunestyret tok elles saka til orientering.

Revidering av branndokumentasjon for Øygarden kommune

Kommunestyret støttar forslaget frå kommunedirektøren om å setja av midlar til å følgja opp tidlegare vedtak og slik auka bemanning i Øygarden brann og redning i økonomiplanen for perioden 2024-2028, i tråd med tabell 2 i saka. Kommunestyret støttar prioriteringane som kjem fram av kommunedirektøren sitt forslag til investeringsbudsjett 2024, knytt til røykdykkarutstyr i 2024  (400 tusen kroner) og to røykdykkarbilar i 2025 (3,2 millionar kroner). 

Auka bemanning, jf vedtakspunkt 1, føreset at utviklinga i Øygarden Midt (Ågotnes stasjon) med næringsutvikling, godshamn og bustadbygging skjer slik brannvernsdokumentasjonen førespeglar og at Øygarden brann og redning skal utnytta moglegheitsrommet i lovverket til å inngå samarbeid om finansieringsbistand frå bedrifter som representerer auka krav til beredskap.

Mellombels avklaring om busetjing av flyktningar

Kommunestyret vedtok at fram til saka vert endeleg realitetsbehandla i kommunestyret den 29. februar neste år, kan det førebels busetjast inntil 30 flyktningar i 2024 som anten er komne som einslege vaksne og/eller som familiar. 
Når det gjeld busetjinga av einslege mindreårige, treng dette utgreiast nærare, og ein kjem tilbake til dette i samband med endeleg behandling av saka den 29. februar neste år.

Budsjett for Øygarden bustadutvikling KF

Kommunestyret vedtek budsjett for 2024 for Øygarden bustadutvikling KF slik det ligg føre. Framlegget balanserer med ei inntekts- og utgiftsramme på 52,4 millionar kroner. Overføring frå Øygarden kommune er på 700 tusen kroner.

Budsjett for Øygarden næringsutvikling KF

Kommunestyret vedtek kommunedirektøren sitt framlegg til budsjett 2024 for Øygarden næringsutvikling KF pålydande 2,5 millionar kroner.

Alva Silden Feste frå kulturskulen song to julesongar før julemåltidet. - Klikk for stort bileteAlva Silden Feste frå kulturskulen song to julesongar før julemåltidet.

Presten talte

Det er tradisjon at presten talar til kommunestyret like før lunsj. Sokneprest i Foldnes, Maria Tveten, drista seg denne gongen til å fletta kommunestyrepartia inn i juleevangeliet. Det var gjengs oppfatning at det klarte ho svært godt. Talen og resten av kommunestyredagen kan du sjå på kommune-TV.

Sokneprest Maria Tveten - Klikk for stort bileteSokneprest Maria Tveten

Det er også tradisjon at det største opposisjonspartiet ønskjer ordførar, varaordførar, kommunedirektør og sekretær god jul. Det skjedde også i år ved gruppeleiar i Arbeidarpartiet, Marianne Sandahl Bjorøy.

Det vart også delt ut arbeidsmiljøpris til Øygarden lokalmedisinske senter.


Tekst og foto: Vigleik Brekke