Her klipper ordførar Tom Georg Indrevik snora. Til venstre; fylkesvaraordførar Stian Davies og til høgre; administrerande direktør i Sartor Drange, Arild Bøthun.Tom Georg Indrevik takka alle som har arbeidd med dette prosjektet.
- Her vil dei som nyttar parkeringsplassen koma seg raskt fram til busshaldeplassen. Det er gratis å parkera her. Vi tek ikkje betalt for slikt her på landet, sa ordføraren.
Parkeringsplassen er finansiert gjennom Miljøløftet. Fylkesvaraordførar Stian Davies helsa på vegner av fylkeskommunen og Miljøløftet. Han sa at gjennom mobilitetsplan vest arbeider fylket med å gjera det betre for trafikantane.
- Øygarden er eit stor vekstsenter. Næringslivet går som det susar. Mange reiser inn mot sentrum. Prosjektet er gjennomført for åtte millionar kroner. Dette viser at det har vore ei god prosjektleiing, sa fylkesvaraordføraren.
Tredje trinn på Ågotnes skule imponerte med å framføra Ågotnessangen. Songen er skriven av Gert Erik Nesbø.161 plassar
Parkeringsplassen på Ågotnes ligg 80 meter frå bussterminalen og gjev fem HC-plassar, 136 ordinære parkeringsplassar og 20 parkeringsplassar som er lagt til rette for framtidig elbil-lading. Den økonomiske ramma var på 9,55 millionar kroner, og sluttsummen ser altså ut til å hamna på rundt åtte millionar kroner.
Det er laga gangsti ned mot Ågotnes skule, natursteinsmur ned mot parkeringsplassen til skulen og reinska grøft. Krysset ned mot fylkesvegen er rusta opp. Området rundt parkeringsplassen er forskjønna. Entreprenør var Sartor Drange, medan Sweco var rådgjevande konsulent.
Prosjektleiar Remi Vabø har representert Øygarden kommune som byggherre.
- Med nye reglar for offentleg anbod og strenge krav til miljø, måtte vi tenkja nytt. Dette fekk vi til med entreprenøren Sartor Drange, sa Vabø.
Parkeringsplassen ligg rundt 80 meter frå bussterminale på Ågotnes.Administrerande direktør i Sartor Drange, Arild Bøthun, takka også for godt samarbeid om prosjektet. Han oppmoda kommunen om å leggja til rette for god massehandtering.
Fylkesvaraordførar Stian Davies håpar at folk brukar den nye innfartsparkeringa og kombinerer dette med å reisa kollektivt.
- Det skal gjera det lettare for folk å ta buss i kvardagen. Dette gjeld særleg innbyggjarar som skal inn mot Straume og Bergen sentrum. Det er viktig å plassera slike parkeringsplassar nær tilbod som skule, barnehage og andre tenester. Gjennom mobilitetsplan vest arbeider vi for å betra busstilbodet, seier han.
Her er fleire bilete:
Tekst og foto: Vigleik Brekke