Bruk av kjernejournal på sjukeheimar og i heimetenesta

Øygarden kommune tek til sommaren i bruk kjernejournal på bu- og servicesenter, sjukeheimar og i heimetenesta. Kjernejournal er eit nasjonalt digitalt helsesystem, som deler viktige helseopplysningar på tvers i helsevesenet. 

Illustrasjonsbilete av ein mannleg helsearbeidar forran ein datamaskin - Klikk for stort bileteIll. Mostphotos

Kjernejournalen erstattar ikkje journalane du har hjå fastlege, sjukehus eller i helse- og omsorgstenesta, men er eit viktig bidrag særleg i akuttsituasjonar der det hastar å finna informasjon om helsetilstanden din. 

Kritisk informasjon i kjernejournal er opplysningar om deg som det er viktig at helsepersonell kjenner til i ein akuttsituasjon. Det er legen din som registrerer denne type kritisk informasjon. Desse helseopplysningane kan bidra til at helsepersonell endrar val av undersøking, behandling og oppfølging og sikrar høgare kvalitet i tenestene til deg.   

Du kan gjera kjernejournalen din betre ved å sjekka at all kritisk informasjon er registrert. Du kan og sjølv registrera viktige helseopplysningar i din kjernejournal slik at helsepersonell får eit meir utfyllande bilete av deg og di helse. Det kan bidra til at du får rett behandling raskare. 

Her er opplysningane du sjølv kan registrera på HelseNoreg.no:  

  • Kontaktpersonar 
  • Helsekontaktar 
  • Særlege kommunikasjonsbehov 
  • Sjukdomshistorikk 

Når du har logga inn, vel du Meny -> Tenester -> Kjernejournal, for å finna informasjon om kor du kan legga til, endra eller sletta informasjon i din kjernejournal.   

Det er Norsk Helsenett som har ansvar for kjernejournal, les meir på HelseNoreg.no