Brannvern og kommuneval-tema på Tjeldstø skule

I dag (22. september) har elevane hatt ein litt annleis og spanande dag.

Elevar - Klikk for stort bileteStort engasjement på temadagen på Tjeldstø skule fredag.

Dagen starta med morgonsamling ved 7.klasse. Tema kommunevalet. Her fekk vi både sett Dagsnytt, intervju av parti og augeblikksintervju av folk på gata. Godt jobba!

Fotomontasje av elevar - Klikk for stort bilete

Deretter var det Blimedans. De kan sjå dansen på NRK-Super! Heldige oss fekk god hjelp i filming og redigering! Takk Charlotte!

Så var det den varsla brannøving. Raske elevar ut, rask og korrekt oppstilling. Takk til drift som hjelpte ein nervøs rektor som for første gong skulle utløyse brannalarm sjølv!

Fotomontasje elevar - Klikk for stort bilete

Her var vi heldige endå ein gong. Vi fekk besøk av to brannbilar. Alle elevane som ville fekk sitje i brannbilen og teste brannslangen. Stor stas! Tusen takk til Øygarden Brann- og redning!

 

Tekst og fotomontasje: Linda Færestrand, rektor