Biblioteket i Sund jubilerer

Om nokre dagar vert det markert at biblioteket i Sund er 200 år. Det var presteskapet som tok initiativ til allment bibliotek.

Ill. Sund sogelag

I eit hefte gjeve ut av Sund sogelag vert det stilt spørsmål om det «Almuebibliotheket» i Sund vart etablert i 1823 eller i 1828. Det kan henda at historikarar har forveksla 1828 med 1823. Uansett kva årstal som er rett, vert det jubilert med fleire arrangement 2. til 7. september.

Korleis markerer biblioteket jubileet?

  • Klokkarvik
    Laurdag 2. september kl. 14.00.
     Vandreteater i og rundt Sund kyrkje i regi av Helga Golten og Yvonne Algrøy. Folkefest på Skuleneset. Litteraturbåten EPOS ligg til kai på Skuleneset og har program for barna.
     
  • Innbyggartorget og biblioteket
    Tysdag 5. september: Opning av Tofterøy Småkvedarlag. Konsert med duoen Fliflet/Hamre, med gjesteartist Symphorien Pombe. Sal og signering av boka om Johan Fritzer Greve ved Sverre Bungum.

     
  • Innbyggartoget og biblioteket
    Torsdag 7. september: Foredrag v/ seksjonssjef for bibliotekutvikling. Ho fortel om biblioteket som demokratisk møteplass og debattarena. Bente Fosse fortel om prosjekt ho hadde i tida som biblioteksjef i Sund. Samtale om kva ein ønskje rå bruka biblioteket til framover.
Biblioteket i Skogsskiftet i dag. Til høgre; Beate Katrine Moldøen. - Klikk for stort bileteBiblioteket i Skogsskiftet i dag. Til høgre; Beate Katrine Moldøen.

Biblioteksjef i Øygarden, Yngvild Wiese, seier at det er grunn til å vera stolte over at vi fekk eit bibliotek her ute så tidleg som for om lag 200 år sidan. Nasjonalt sett får Sund sokn ei allmenn boksamling ganske tidleg i bibliotekhistoria.

- Vi har god grunn til å takka sokneprest Christian Bøschen for å ha skipa det tilbodet til «almuen» som me i dag baserer oss på. Han må ha vore ein progressiv og opplyst mann som såg nytta i å la folket her vest lesa. Og det er me jo samde med han han i den dag i dag, seier Yngvild Wiese.

Ho seier at fokuset på lesing, folkeopplysing og tilgang til litteratur er ein arv Øygarden innbyggartorg og bibliotek prøver å leva opp til, sjølv om det no er eit mykje breiare tilbod enn berre utlån av såkalla «oppbyggeleg litteratur».

- Me vonar vi skal klara å forvalta arven etter Bøschen for komande generasjonar i (forhåpentlegvis) 200 år til, seier biblioteksjefen.

Ho gratulerer så mykje med jubiléet og takkar Sund Sogelag for den store innsatsen dei har lagt for dagen!

Les meir om jubileet på nettsida til Sund sogelag.


Tekst: Vigleik Brekke
Ill/foto: Sund sogelag/Vigleik Brekke