Ber om gratis dataopplæring

Eldrerådet ber om at det vert sett av 60 tusen kroner til grunnkurs i gratis dataopplæring for dei eldre innbyggjarane. Det vedtok eldrerådet som eitt av innspela då budsjett 2024 og økonomiplan 2024-2027 stod på dagsorden på møtet i sist veke. Også råd for personar med funksjonsnedsetjing (RFF) vedtok innspel til budsjettet.

Frå tidlegare datakurs.

Eldrerådet ønskjer at tilbodet om gratis datakurset vert gjennomført gjennom organisasjonen TREFF+.

- For å sikra føreseielege og trygge vilkår slik at vi kan halda fram med å tilby grunnkurs i framtida til våre eldre, bør det vera årlege driftstilskot,  og ikkje som tidlegare då vi har søkte om midlar frå kommunen år for år, heiter det frå vedtaket.

Eldrerådet vedtok også samrøystes ein lengre uttale fremja av leiar Sverre Bungum. Der vert det minna om eit tidlegare framlegg om å etablera alderskollektiv spreidde rundt i grendene i kommunen. Eldrekollektivet må liggja på eit nivå økonomisk som gjer at dei som skal bu der, ikkje treng tung finansiering utover eigne midlar, heiter det i dette innspelet.

Det vert også bedt om at kommunen startar snarast opp planlegging av nye institusjonsplassar innan helse og omsorg. Her kan du lesa heile uttalen. (PDF, 85 kB)

Ber om tilstrekkeleg avlastningstilbod

Råd for personar med funksjonsnedsetjing (RFF) gav også uttale til budsjett og økonomiplan på møtet i sist veke. Det vert minna om at avlastningstilbod til barn og vaksne er av avgjerande betydning for at pårørande skal halda ut i ein krevjande omsorgssituasjon over tid.

- Kommunen må difor sjå til at tilbodet både er tilstrekkeleg i timeomfang og hyppigheit, samt at dei som har behov for det skal få vedtak om det, heiter det i innspelet.

RFF viser mellom anna til at ergoterapitilbodet for vaksne er nærast ikkje-eksisterande per i dag og at det er behov for auka kapasitet. Det må også gjennomførast relevante, anonyme brukar- og pårørandeundersøkingar for brukargruppa knytt til BPA (brukarstyrt personleg assistanse).
Her kan du lesa heile innspelet frå RFF. (PDF, 90 kB)

 

Tekst: Vigleik Brekke
Foto: Unni Sørensen