Ber om godt avlastningstilbod

Råd for personar med funksjonsnedsetjing (RFF) drøfta onsdag denne veka innspel til budsjett 2025 og økonomiplan 2025-2028. Mellom anna viser rådet til at avlastningstilbod til barn og vaksne er av avgjerande betydning for at pårørande skal halda ut i ein krevjande omsorgssituasjon over tid. 

Nestleiar Christian Daae-Hansen (Frp) og leiar Ingvild Skaar (Ap) - Klikk for stort bileteNestleiar Christian Daae-Hansen (Frp) og leiar Ingvild Skaar (Ap)

I innspelet heiter det vidare at kommunen difor må sjå til at tilbodet både er tilstrekkeleg i timeomfang og hyppigheit og at dei som har behov for det, skal få vedtak om det.

RFF ber også om at kommunen held fram med opptrapping av fysioterapeutstillingar (jf. tidlegare vedtak om å nå målet om landsgjennomsnittet). Rådet meier at sats for omsorgslønn bør tilsvara minsteløn for heimehjelparar med høgste ansiennitet. Hjelpestønad bør heller ikkje trekkjast frå omsorgslønn.  Les heile innspelet. (PDF, 85 kB)

Prioriterer tilgang til sjø 

Plan og analyse gav informasjon om arbeidet med arealdelen til kommuneplanen 2027-2039. Det vart mellom anna gjeve oppsummering av medverknadsmøta våren 2024. 

I perioden 24. september til 1. oktober vert det arrangert arbeids- og informasjonsmøte på kommunedelsentera på Ågotnes, Rong og Skogsskiftet. Les meir her. 

Leiar i RFF, Ingvild Skaar, seier at det har kome mange gode og relevante innspel på medverknadsmøta.

- Når det gjeld arealplanen framhevar brukargruppene rådet representerer særleg tilgang til natur og sjø også for rørslehemma og transport og mobilitet, seier ho.

Handlingsplan for RFF

Utvalet drøfta handlingsplanen for RFF. Utvalsleiar Ingvild Skaar presenterte ei liste på 15 punkt som vert lagt inn i handlingsplanen. Eitt av punkta vart justert etter drøfting. Les drøftingspunkta her. (PDF, 97 kB)

Spørsmål

Det kom inn to skriftlege spørsmål. Desse handla om tilbod om spesialavdelingar/tilrettelagde avdelingar ved fleire skular i kommunen og om det vert mogleg å søkja om bompengefritak for førslehemma på det nye sotrasambandet? 

Det vert gjeve svar på spørsmåla på neste møte.

Ekstramøte

Det vert kalla inn til digitalt ekstramøte i RFF 25. september for å behandla høyringsinnspel til barnehage- og skulebruksplanen. 



Tekst og foto: Vigleik Brekke