Barnevernet nyttar ikkje Altinn til å senda meldingar

I avisoppslag (BT 19. juli) kritiserer Legeforeningen ein praksis i fleire kommunar for bruk av Altinn for å senda meldingar til fastlegar. Øygarden kommune praktiserer ikkje dette.

Bakgrunnen er at meldingar hamnar i feil innboks og at det er fare for brot på personvernet.

Fungerande kommunedirektør Anne Erdal opplyser at barnevernet i Øygarden kommune ikkje nyttar digitale løysingar til å senda slike meldingar, men sender brev i posten.

- På bakgrunn av dette er vi ikkje omfatta av desse problemstillingane, seier Erdal.