Avtale skal gje viktig spesialkompetanse

Like før påske underteikna Øygarden kommune avtale med Verdighetsenteret. 
- Avtalen vil bidra til at kommunen får tilført viktig spesialkompetanse innan satsinga på frivilligheit, livsglede og praktisk innføring av nye arbeidsmetodar i tenestene, seier kommunalsjef for Helse og velferd, Line Barmen.
 

Bak frå venstre; kommunalsjef for Helse og velferd Line Barmen, spesialrådgjevar Janne Mo (Helse og velferd). Framme frå venstre; rådgjevar på Velferdsenteret Julie Tessem og kommunalsjef for Kultur og samfunn Silje Haukedal. - Klikk for stort bileteBak frå venstre; kommunalsjef for Helse og velferd Line Barmen, spesialrådgjevar Janne Mo (Helse og velferd). Framme frå venstre; rådgjevar på Velferdsenteret Julie Tessem og kommunalsjef for Kultur og samfunn Silje Haukedal.

Verdighetsenteret er eit nasjonalt, tverrfagleg kompetansesenter innan eldreomsorg som formidlar kunnskap om palliasjon, frivilligheit og kultur, akuttmedisin, praktisk implementering, klinisk kommunikasjon og etikk. Verdighetsenteret har særleg fokus på den aukande delen menneske med demens. Senteret har som mål å arbeida for ein verdig alderdom for alle.

Line Barmen viser til at Øygarden med sine snart 40 tusen innbyggjarar står framfor ein kjent auke i talet på eldre. Kommunen skal vera ein aldersvennleg kommune der det er godt å leva og bu heile livet. Kommunen har hatt samarbeid med senteret tidlegare der det vart utvikla ein modell for frivillig satsing. 

- Det eit mål at vi i samarbeidsperioden får på plass ein fornya berekraftig modell, primært retta mot eldre som bur heime, men også mot eldre som får heildøgnstenester frå Helse og velferd, seier kommunalsjefen.

Sjølv om Verdighetsenteret er eit tverrfagleg kompetansesenter på eldreomsorg, vil kompetansen/modellar og systemtankegangen vera overførbar og aktuell for heile velferdsfeltet i kommunen, mellom anna retta mot barn, unge og vaksne med tenester frå Helse og velferd.

Etablerer prosjektgruppe

Øygarden kommune skal etablera ei prosjektgruppe der Verdighetsenteret er representert. Basert på behov frå ulike avdelingar, skal kommunen nytta seg av ulike former for kurs i regi av Verdighetsenteret. Kommunen skal også leggja til rette for at tilsette og eventuelle samarbeidspartnarar i frivillig sektor kan delta på etterutdanningar i regi av Verdighetsenteret når det gjeld Frivillighet i eldreomsorga og Praktisk implementering. 

Verdighetsenteret skal gje prioritet ved bestilling av kompetansehevingstiltak som fagdagar og seminar innan fagområda frivilligheit og implementering, digitalt eller fysisk. Senteret skal også gje kostnadsfri rådgjeving i arbeidet med å leggja til rette for samarbeidet med frivillig sektor i eldreomsorga.

 

Tekst og foto: Vigleik Brekke