Alle skal få eige aktivitetsteppe

Denne veka presenterte Øygarden guiltelag dei første aktivitetsteppa som er laga til personar med demenssjukdom. 
- Dei 25 teppa som vart overleverte på måndag skal gå til bebuarar på Tednebakkane omsorgssenter, seier ergoterapeut Alyce Levik. 

Alyce Levik (til venstre) er svært takksam for bidraget frå Øygarden quiltelag. Vidare frå venstre; Elna Haugen, Wenche Farias og Bjørg Blom. - Klikk for stort bileteAlyce Levik (til venstre) er svært takksam for bidraget frå Øygarden quiltelag. På biletet ser du også (frå venstre); Elna Haugen, Wenche Farias og Bjørg Blom.

Tidlegare har ergoterapeuten saman med gode medarbeidarar fått laga aktivitetsbrett for bebuarar på institusjonane i Øygarden som lir av demenssjukdom. No handlar det om å få laga aktivitetsteppe til alle desse.

På måndag viste Elna Haugen, Bjørg Blom og Wenche Farias frå det lokale quiltelaget fram dei første aktivitetsteppa. På teppa er det festa ei rekkje dingsar som er gjenkjennelege for bebuarane. Døme på dette er glidelåsar, knappar, band, trådsneller, duskar, blonder, borrelåsar og nøkkelringar. Dette er gjenstandar som vekkjer gode minne.

-    Folk har gjeve oss tøy. Det kan vera sengeklede, gardiner og dukar. Vi vil gjerne ha tilbakemelding på kva aktivitetsteppe som fungerer godt og kva teppe som fungerer mindre godt. I dag overleverer vi dei 25 første aktivitetsteppa, men vi siktar mot hundre, seier ein optimistisk leiar av quiltelaget, Elna Haugen.

Øygarden quiltelag har 30 medlemer. To gonger i månaden samlast 15-20 ivrige damer på kulturhuset på Rong og syr på teppe. Då surrar det godt frå dei mange symaskinane.

Quiltteppe - Klikk for stort bilete

God gjenbruk

- Demenssjukdomen fører til at ein mistar finmotorikken, og desse teppa bidreg til at ein får trimma hjernen. Og så er dette god gjenbruk, seier Bjørg Blom.

Wence Farias jobbar som aktivitør på Kvednatunet, men ho er også medlem og aktiv i Øygarden quiltelag. Og med denne bakgrunnen vart ideen om aktivitetsteppe skapt.

-    Mange med demenssjukdom kan oppleva uro. Dei er gjerne understimulerte på aktivitet og er rastlause. Desse teppa kan bebuarane gjerne ha på fanget, seier ho.

Ifølgje Alyce Levik er det stimulerande for personar med demenssjukdom å møta sterke fargar og kontrastar. Finmotorikk-trening er viktig for denne gruppa. 

-    Vi samarbeider med dei ulike avdelingane og vel ut kva teppe som vi meiner passar best for den enkelte. Det er eit mål å få auka aktiviteten til dei som til vanleg ikkje er så aktive, seier Levik.

Her er fleire bilete:

Aktivitetsteppe - Klikk for stort bilete
Aktivitetsteppe - Klikk for stort bilete
Aktivitetsteppe - Klikk for stort bilete
Aktivitetsteppe - Klikk for stort bilete
Aktivitetsteppe - Klikk for stort bilete
Aktivitetsteppe - Klikk for stort bilete
Aktivitetsteppe - Klikk for stort bilete
Aktivitetsteppe - Klikk for stort bilete
Aktivitetsteppe - Klikk for stort bilete
Aktivitetsteppe - Klikk for stort bilete


Tekst og foto: Vigleik Brekke