Det vart også tid til samtale i grupper på samlinga.Leiar av Språkkommunen Øygarden og avdelingsleiar i PPR, Ranveig Bungum seier at desse to fagsamlingane var starten på implementering av det som skal vera ei felles retning for barnehage og skule når det gjeld munnleg språk og kommunikasjon, lesing og skriving.
- I forkant ligg to år i prosess der involvering og inkludering frå dei som jobbar ute i barnehage og skule har vore viktig og avgjerande for arbeidet. Å ha eit godt språk, kunna og våga å bruka språket munnleg og skriftleg, er grunnleggande ferdigheiter for læring, men endå viktigare er det for å meistra sjølve livet, seier Bungum.
Ranveig BungumPedagogisk-psykologisk rådgjevar i Øygarden kommune, Hege Knarvik Fjeldstad, har ei dotter som har Downs syndrom og Hege har med dette eit særleg erfaringsgrunnlag. Hennar tema var korleis vi kan hjelpa barn med språkvanskar. Ho presenterte mellom anna Karlstadmodellen som er ein modell for språktrening for personar med språk-, tale- eller kommunikasjonsvanskar.
- Eg jobba med dette som mamma før eg vart fagperson. Alle har rett til språk. Korleis kan vi få til likeverd utan at vi har språk som kommunikasjonsmiddel? spurte ho forsamlinga.
I Karlstadmodellen vert det lagt vekt på å nytta ulike visuell utrykk, teikn, skrift og bilete som eit tillegg til talespråket.
Hjelpemiddel kan vera TD Snap som er ei programvare med ulike ASK-løysingar (ASK: alternativ og supplerande kommunikasjon). Til dømes kan det lagast ordkort der «læringsordet» står på eine sida, og teikning/bilete av ordet på den andre sida av kortet.
Hege Knarvik FjeldstadDet gjorde sterkt inntrykk på forsamlinga då Hege Knarvik Fjeldstad fortalde om dottera som var med i eit barnekor og song solo på eit stort arrangement i Hjeltefjorden Arena. Teknikken med å bruka teikningar i tillegg til talespråket var då til stor nytte for dottera.
Nyttig seminar
Ei av dei som deltok på fagseminaret var Elisabeth Lie som underviser på 5. trinn på Spilepollen skule.
- Eg opplevde dette som eit veldig nyttig seminar. Vi gjer mykje av det som er presentert her, og det er godt å vita at vi gjer mykje rett. Det er viktig at vi når alle elevane, anten dei har lese- og skrivevanskar eller ikkje. Bilete til støtte er noko som kan brukast av alle, seier ho.
Elisabeth LieHo er også skulebibliotekar og opplever det som gjevande å få vera med på den delen av undervisninga.
- Det er ein raud tråd i alt. Hjå oss ligg biblioteket sentralt like ved amfiet. Vi har mellom anna hatt besøk av forfattar Arne Lindmo som har skrive Trollheim-serien, seier Elisabeth Lie.
Mål for Språkkommunen Øygarden
Språkkommunen i Øygarden er ein del av kompetanseløftet for spesialpedagogikk og inkluderande praksis. Det overordna målet for Språkkommunen Øygarden er at språkarbeidet i barnehage og skule skal vera eit universelt tiltak for å gje alle barn og unge god språkkompetanse for å sikra likeverd, redusera skilnader og auka livsmeistringar. Dei unge skal få kunnskap, kompetanse, mot og verdigheit til å fullføra vidaregåande opplæring.
Kjersti SundalRådgjevar for barnehage Kjersti Sundal i PPR (Pedagogisk psykologisk ressurssenter) sa at i dette arbeidet har ein tre fokusområde; språkmiljø i barnehage og skule, språkvanskar og fleirspråklege barn og elevar.
- Undersøkingar viser at færre foreldre les for barna sine. To av fem barn les ikkje for barna. I Øygarden har mange barn og elevar vedtak på spesialpedagogisk hjelp og individuell tilrettelegging. I arbeidet med å implementera språktiltaka må behovet til barna vera i sentrum, sa Sundal.
Sidan 2021 har Øygarden kommune rusta opp skulebiblioteka. Før den tid var biblioteka prega av at dette arbeidet var organisert ganske ulikt i dei tre gamle kommunane. I 2024 fekk koordineringstenesta for skulebibliotek i Øygarden 1,2 millionar kroner i støtte frå Utdanningsdirektoratet for å styrkja arbeidet med lesestimulering ved skulebiblioteka.
Trine Torsvik (til venstre) og Toril Aune BørmoSkulebibliotekarkoordinatorane Trine Torsvik og Toril Aune Børmo spurte kvifor vi skal ta oss tid til å lesa. Svaret er at det reduserer stresset, aukar konsentrasjonsevna, aukar ordforrådet, utviklar fantasien og skapar leselyst for å nemna noko.
Ein elev sa dette etter ei lesestund på biblioeket; Det var deilig å få lov til bare å sitte å lese, utan at vi måtte gjøre oppgaver». Som ein detalj nemde bibliotekkoordinatorane at det er viktig at læraren er godt leseførebilete og les samstundes med elevane.
- Det er utarbeidd skulebibliotek-standard for grunnskulane i Øygarden og kvalitetsutviklingsplan for skulebiblioteka i Øygarden kommune, sa Toril Aune Børmo.
Eit konkret tiltak er forfattarbesøk.
- Vi har erfaring for at elevane synest dette er veldig gøy. Barna må kjenna seg igjen i litteraturen. Hugs også at det som var lettlese før, ikkje er lettlese no, sa Trine Torsvik.
Det er også utarbeidd forslag til organisering av bibliotektimen. Då startar ein gjerne i plenum med presentasjon av aktuell litteratur, samtale om bøker og litteratur. Det bidreg til å skapa ein atmosfære som er annleis. Etter å ha brukt 20-30 minutt på dette, kan resten av timen brukast til å finna fram og lesa i bøkene.
Dysleksivennleg skule
I 2018 vart Foldnes skule erklært som dysleksivennleg skule. Dysleksivennlege skular arbeider for eit inkluderande og aksepterande miljø og har gode system og kompetanse for å finna dei som har vanskar.
Frå venstre; Hans Brevik, Nina Stavn Pedersen, Emma Digernes og Vilde Ellefsen med lesehunden Ludvig.Emma Digernes, Nina Stavn Pedersen, Hans Brevik og Vilde Ellefsen presenterte kva det er å vera dysleksivennleg skule.
Dei fortalde at alle elevane vert kartlagde minst to gonger i året. Det er eigne samlingar for dei elevane som har dysleksi.
Til begeistring for deltakarane på seminaret viste Vilde Ellefsen fram lesehunden Ludvig. Vilde er i ferd med å ta master i spesialpedagogikk og har dyreassistert pedagogikk som tema for masteroppgåva.
Lesehunden Ludvig er til stor hjelp i arbeidet med lesestimulering. Vilde Ellefsen har full kontroll.Fleirspråklege elevar
Migrasjonsfagleg rådgjevar i Oppvekst, Cecilia Byrknes, orienterte om arbeidet retta mot fleirspråklege og ein eigen plakat som er utarbeidd for dei som arbeider med dette. Denne plakaten vil alle skulane få. Her vert det understreka at fleirspråklegheit er ein ressurs. Her får vi høve til å gje barnet kunnskap, kjennskap til verda og opplevingar på morsmålet sitt.
- Dette arbeidet krev tolmod. Det kan ta to til åtte år å læra seg eit nytt språk, sa ho.
Cecilia ByrknesØygarden kommune har utarbeidd ei eiga nettside, Språkkommunen Øygarden.
Tekst og foto: Vigleik Brekke