6B ved Landro skule til topps i leseprosjekt

I tre veker har alle 6. klassane i kommunen deltatt i Ramsalt lesing- eit  leseprosjekt, der målet har vore å lesa seg gjennom kommunen – totalt 125 km. Minutta elevane har lese, har blitt omgjorde til kilometer, og målet var å veraa førstemann i mål. Fokuset har vore på innsatsen og uthaldet i lesinga, ikkje på kor mange sider eller bøker ein las.

Gruppe jublande elevar - Klikk for stort bileteEngasjementet i leseprosjektet var stort.

Det var 6B ved Landro skule som vann konkurransen og kom først i mål. Dei stakk av med førstepremien, som er eit forfattarbesøk etter eige ønske.

6a og 6b ved Ågotnes skule har også lagt ned ein solid innsats, og kom på 2. og 3. plass i konkurransen. 6a har lese til saman 145,7 km som svarar til 1165,8 leseminutt- (19,5 timar i snitt pr. elev) på desse tre vekene. 6b  har lese 143,6 km, som utgjer 1148,9 leseminutt (19 timar i snitt pr. elev). 

Klasse 6B ved Landro fekk på fredag overrekt diplom og premie. Når elevane vart spurde om kvifor dei trur dei vann, framheva dei at dei har ein lærar som har motivert dei sterkt, og at dei kvar dag har fått gå til skulebiblioteket for å låna nye bøker. Elevane har vore innom mange sjangrar, men mange trekkjer fram teikneseriar, spenningsbøker og humorbøker som favorittsjangrane sine.

Når dei valde bøker, fekk dei hjelp av lærar eller fargekodane på biblioteket, som viser kven boka passar for, og dei såg ofte på veggen med anbefalte bøker.
Læraren til klassen, Christine Hjartøy, påpeikar at ho i denne perioden har hatt tett kontakt med heimane til elevane, og ho er imponert over kor mykje dei har lese i helgane, spesielt.

Karolina seier at det beste med å lese er når det plutseleg skjer noko spanande i boka, sjølv om boka kanskje har vore litt kjedeleg først. På spørsmål om korleis det har vore å lesa så mykje, svarar Embla at det var kjekt fordi ein får så mange bilete i hovudet. Karolina er einig, men seier at det kunne bli litt slitsamt å berre få ord inn i hovudet heile tida, men at det etter kvart vart både gøy og avslappande. Elevane meiner det er viktig å kunna lese, fordi då forstår vi meir og utviklar fantasien vår. Dei meiner at lesing hjelper dei å slappa av.

– Dinosaurane las ikkje, og vi ser jo korleis det gjekk med dei, seier Embla med eit smil.

Koordineringstenesta for skulebibliotek håpar at alle elevane held frem med å kjenna på lesegleda, og at det har vore kjekt å vere med i prosjektet. 

Her er fleire bilete:



Tekst og foto: Toril Aune Børmo