61 millionar i utbytte frå Eviny

Øygarden kommune får 61 millionar kroner i utbytte frå Eviny for 2022. Dei 20 eigarane får totalt 1,8 milliardar kroner i utbytte frå kraftselskapet.

Colourbox

Årsresultatet for 2022 vart 1,33 mlliardar kroner. Dette er ein auke på 516 millionar kroner i forhold til året før.

Eviny skriv i ei pressemelding at selskapet har sett fart i jakta på nullutslepp og samstundes auka verdiskapinga til fellesskapet. Utbyttet som styret har innstilt til generalforsamlinga, er nesten dobla frå 2021, då utbyttet var 916 millionar kroner.

Øygarden kommune har budsjettert med 28,6 millionar kroner i utbytte frå Eviny.

  • Det er positivt at vi får vesentleg meir enn budsjettert, men utbyttet dekkjer på ingen måte dei ekstra utgiftene kommunen har hatt som ein følgje av dei høge straumprisane, seier ordførar Tom Georg Indrevik.

 Les pressemeldinga frå Eviny her.


Tekst: Vigleik Brekke