40 år med bibelskule på Bildøyna

- Det var ikkje sjølvsagt at Bildøy bibelskole skulle hamna her ute. Det sa ordførar Tom Georg Indrevik då han laurdag helste til indremisjonsfolket som feira 40 år med bibelskule på Sotra.

Rektor Andreas Evensen, KrF-leiar Olaug Bollestad,  ordførar Tom Georg Indrevik og lokalpolitikar for KrF i Øygarden, Ingvill Kvalsnes Blom. - Klikk for stort bileteFrå venstre; rektor Andreas Evensen, KrF-leiar Olaug Bollestad, ordførar Tom Georg Indrevik og lokalpolitikar for KrF i Øygarden, Ingvill Kvalsnes Blom.

Ordføraren viste til at det var fleire aktuelle alternativ før ei 30 dekar stor tomt på Søre Bildøyna dukka opp i 1980. Etter det gjekk det fort. Tre år seinare kunne skulen takast i bruk.

Ordføraren sa at ein no, 40 år etter opninga, kan konstatera at bibelskulen har vorte eit senter som først og fremst er viktig for misjonsverksemda for store deler av landet.

- Vi opplever også at bibelskulen representerer ein ressurs for Øygarden kommune. Vi hadde i fleire år god nytte av bibelskolehallen i ulike samanhengar. Det har også vore eit godt samarbeid med kommunen om dei kommunale tenestene der elevane har delteke med ulike bidrag på fleire av institusjonane våre. Dette kan vi heilt sikkert utvikla vidare i åra som kjem, sa ordføraren.

Ordførar Tom Georg Indrevik. - Klikk for stort bileteOrdførar Tom Georg Indrevik.

Også leiar i KrF, Olaug Bollestad, var mellom dei som hadde ordet på jubileumsfesten laurdag. Ho har sjølv gått på bibelskule i Oslo og fortalde om kva dette betydde for henne.

- For meg var det som å koma heim. Eg fekk grep over eige liv. Bibelskulen byggjer trua til  ungdom. Noreg vert eit fattigare land utan bibelskular, sa KrF-leiaren.

Dagleg leiar i Indremisjonsforbundet (Imf), Runar Landro heldt festtalen. Han viste, slik også ordføraren gjorde, til historia heilt tilbake til emissærskulen som starta i Bergen i 1888. Han snakka om at bibelskulen formidlar boka (Bibelen) for livet til den enkelte. Det handlar også om familien, forsamlinga og samfunnet.

Noverande rektor på Bildøy bibelskole, Andreas Evensen, intervjua to av rektorane frå perioden skulen har halde til på Bildøyna, Karl Johan Hallaråker og Gunnar Ferstad. Ein del av koret Divisi, som vart etablert i samband med flyttinga av skulen frå Bergen til Bildøyna, bidrog med song og leiing av allsongen. Dirigent for Divisi er Jostein Myklebust.

Det var helsing frå Aud Karin Kjølvik Ringvoll på vegner av krinsane i Imf og frå Den norske kyrkja ved prost Jan Tommy Fosse. Festen vart leia av studieleiar Laila Eidsheim Flaa og rektor Andreas Evensen.

Her er fleire bilete:

Klikk for stort bilete
Olaug Bollestad - Klikk for stort bilete
Frå venstre; Gunnar Ferstad; Karl Johan Hallaråker og Andreas Evensen - Klikk for stort bilete
Runar Landro - Klikk for stort bilete
Jan Tommy Fosse - Klikk for stort bilete
Forsamlinga - Klikk for stort bilete
Divisi - Klikk for stort bilete
Laila Eidsheim Flaa og Andreas Evensen - Klikk for stort bilete