10 aktørar leverer kvardagstenester

Øygarden kommune har inngått avtale med 10 aktørar som kan levera kvardagstenester til seniorar. Astrid Knappskog er mellom dei som har nytta seg av dette tilbodet.
- No har eg fått ei tryggare trapp ned til kjellaren, seier ho.
 

No kan Astrid Knappskog gå tryggare ned trappa enn tidlegare. - Klikk for stort bileteNo kan Astrid Knappskog gå tryggare ned trappa enn før.

Aksjonssenteret har i nokre år hatt samarbeid eit par aktørar som kan tilby kvardagstenester. I løpet av vinteren har senteret intensivert arbeidet med å få eit breiare tilbod av slike tenester.

- Dette kan bidra til at eldre kan bu og trivast lengre heime. Med desse 10 samarbeidsavtalane kan vi no tilby eit breitt spekter av kvardagstenester. Vi har gjort ei grundig vurdering av leverandørane og innhenta nødvendig dokumentasjon som politiattestar og teiefråsegn, seier rådgjevar på aksjonssenteret på Øygarden lokalmedisinske senter, Merethe Boge.

Astrid Knappskog (80) bur i ein einebustad på Knappskog med nydeleg utsikt mot Litlesotra, Geitanger og Askøy.

Tryggare trapp

Etter eit tydeleg råd, ja det må nærast reknast som eit «pålegg», frå dottera, har Astrid fått på plass gelender på eine sida og rekkverk på andre sida av trappa ned til kjellaren. Dette har resultert i at trappa er langt tryggare enn før. 

Slik er trappa etter at gelender og rekkverk er på plass. - Klikk for stort bileteSlik er trappa etter at gelender og rekkverk er på plass.

Oppdraget vart utført av Seniorene, avdeling Øygarden, som er ein av dei ti aktørane kommunen har inngått avtale med.

- Eg tok kontakt med kommunen og kom fram til Aksjonssenteret som gav meg fleire tips om kven eg kunne ta kontakt med. Kort tid etter at eg fekk kontakt med Seniorene, kom det ein grei kar på synfaring. Eg fekk pris på materiale og arbeid, og jobben vart gjort på ganske kort tid. Eg veit ikkje heilt sikkert, men eg lever i den trua at dette vart gjort til ein god pris for meg, seier Astrid.

Avtale om bruk av kvardagstenestene vert inngått direkte mellom leverandør og brukar/kunde. Prisane varierer. Nokre av leverandørane gjev honnørrabatt.

- Kan det verta aktuelt for deg å ta kontakt med Seniorene ved seinare høve?

- Eg opplever dette som ei grei ordning, og det kan godt henda eg tek kontakt med Seniorene igjen om det er noko anna eg treng hjelp til, seier Astrid Knappskog.

Merethe Boge og Astrid Knappskog - Klikk for stort bileteMerethe Boge og Astrid Knappskog

Her er liste over dei aktørane det er inngått avtale med:

  • Småoppdrag+
    Små praktiske oppgåver i hus og hage.
  • Husets Spiseri
    Leverer ferdiglaga middag på døra.
  • Seniorene
    Enkelt vedlikehald
  • Pollineringshagen
    Hagearbeid
  • Dataskolen
    Hjelp med data og internett
  • Strilasauna
    Tilgang til sauna på dagtid
  • Dignity Always AS
    Alminneleg husstell
  • Mio Omsorg
    Besøksven, turven og avlastning for pårørande
  • Noen AS
    Tenester retta mot personar med kognitiv svikt og demens
  • Din gode hjelper
    Heimebesøk og sosialt samvær
     

Her er meir detaljar om kvardagstenestene.

Aksjonssenteret

Aksjonssenteret som er lokalisert ved Øygarden lokalmedisinske senter, har som hovudoppgåve å leggje til rette for ulike tilbod som kan auke trivsel og tryggleik for seniorar/eldre som bur heime. Saman med private og frivillige aktørar, vil ein koordinere for ulike tilbod som møter innbyggjarane sine behov.

Slik kan du kontakta aksjonssenteret


Aksjonssenteret er bemanna på dagtid frå måndag til fredag frå kl. 08.00 - 15.00. Dersom du ønskjer ein samtale i lokala i Blombakkane eller i eitt av kommunedelsentera, ring for å avtala tidspunkt på førehand.

 

Tekst og foto: Vigleik Brekke