Flyktninghelsetenesta

Flyktninghelsetenesta vil syta for at nye flyktningar, asylsøkjarar og familiegjenforeinte får tilbod om helsetenester.

Kva kan du få hjelp til

Flyktningar, asylsøkarar og andre personar frå land med høg førekomst av tuberkulose, og som skal opphalda seg i Noreg i meir enn tre månader, har plikt til å gjennomgå tuberkuloseundersøking innan 14 dagar etter innreise. Det inneber IGRA test (blodprøve) og/eller lungerøntgen, etter gjeldande retningslinjer.

  • For personar under 18 år er det ikkje eit vilkår at personen har lovleg opphald.
  • For personar over 18 år utan lovleg opphald gjev lova kun rett til nødvendig helsehjelp

Pris

Tenesta er gratis.

Her finn du meir informasjon om flykningtenester i kommunen

Helsesjukepleiar flyktningar
Telefon 55 09 61 49


SMS
959 99 399