Rett og plikt til opplæring i norsk og samfunnskunnskap

Kva betyr rett og plikt til opplæring?

Rett betyr at den einskilde har rett på gratis opplæring etter læreplanen fastsett av Kompetanse Norge. Denne retten fell vekk dersom ein ikkje har gjennomført opplæringa innan dei fristane som gjeld. Etter at fristen har gått ut kan kommunen ta betalt for opplæringa.

Plikt betyr at ein må ha gjennomført opplæringa og bestå prøver på eit visst nivå for å kunne få permanent opphald og statsborgarskap seinare.

Desse har rett og plikt

Mange nykomne innvandrarar har rett til gratis opplæring i norsk og samfunnskunnskap. For personar som deltek i introduksjonsprogrammet, skal opplæring i norsk og samfunnskunnskap vere ein del av programmet.

Alder og type opphaldsløyve avgjer om den einskilde er i målgruppa for opplæring i norsk og samfunnskunnskap. Nytt i integreringsloven er at målgruppa no er 18 til 67 år, og det er alderen på tidspunktet for innvilga  opphaldsløyve som avgjer om den einskilde inngår i målgruppa. For deltakarar som er omfatta av introduksjonslova er alderskravet 16 år. Plikta avsluttast ved fylte 67 år for både integreringslova og introduksjonslova. For asylsøkere som bur i mottak gjeld det eigne reglar.

Introduksjonslova sine reglar om kva type opphald som gir rett og plikt eller berre plikt til opplæring, vert vidareført i all hovudsak i integreringslova. Unntaket er einslege mindreårige med avgrensa opphaldsløyve i påvente av dokumentert identitet.

Personar som oppfyller alderskravet har rett og plikt til opplæring i norsk og samfunnskunnskap dersom dei har fått opphald:

  • etter søknad om asyl (utlendingsloven § 28)
  • som overføringsflyktning (utlendingsloven § 35)
  • på grunnlag av sterke menneskelige omsyn (utlendingsloven § 38) dersom løyvetdannar grunnlag for permanent opphaldsløyve
  • med avgrensing som einsleg mindreårig i påvente av dokumentert identitet (utlendingsloven § 38 femte ledd bokstav a eller b) (Denne gruppen er ikkje omfattet av integreringsloven)  
  • på sjølvstendig grunnlag (utlendingsloven § 53)
  • som familiemedlemmer til personar som nemnt over
  • som familiemedlemmer til personar som har permanent opphaldsløyve
  • som familiemedlemmer til norske eller andre nordiske borgarar (med unntak av dei som har opphaldsrett som familiemedlem etter EØS-regelverket)
  • mellombels på grunnlag av reglane om kollektiv beskyttelse (utlendingsloven § 34) og deira familiesameinte dersom den første sitt løyve dannar grunnlag for permanent opphaldsløyve

Desse har plikt

Alder og opphaldsløyve er også avgjerande for om den einskilde har plikt til opplæring i norsk og samfunnskunnskap. I integreringslova er alderskravet 18 år, og det er alderen på tidspunktet for innvilga opphaldsløyve som er avgjerande for om den einskilde inngår i målgruppa. For introduksjonslova er alderskravet 16 år. Plikta sluttar ved fylte 67 år for både integreringslova og introduksjonslova.

Personar som fyller alderskravet og som har ei opphaldsløyve for å arbeide i Norge og deira familie, har plikt, men ikkje rett til opplæring.

Informasjon om kva opphaldsløyve som er omfatta etter integreringslova sjå juridisk veileder til integreringsloven.

Informasjon om hvilke oppholdstillatelser som er omfattet etter introduksjonsloven

Nyttige lenkjer

Informasjonsbrev på fleire språk finn du her:

Øygarden vaksenopplæring
Telefon 55 09 76 70

Adresse

Grønamyrsvegen 2, 5353 Straume

Postadresse
Ternholmvegen 2,
5337 Rong