Permanent opphald og søknad om norsk statsborgarskap

Permanent opphald

Utlendingsdirektoratet (UDI) forvaltar regelverket om permanent opphald, medan Integrerings- og mangfaldsdirektoratet forvaltar regelverket etter introduksjonslova. For spørsmål om prøvane og oppmelding, kan du gå  til norskprøven.no eller samfunnskunnskapsprøven.no.

Sjå UDIs informasjon til innvandrere om permanent opphold

Statsborgarskap

Dersom du er mellom 18 og 67 år og skal søkja norsk statsborgarskap, må du dokumentera at du har bestått ein samfunnskunnskapsprøve på norsk. Du kan dokumentera kravet med mellom anna følgjande prøvar:

Dersom du har bestått ein av prøvane på norsk før, treng du ikkje å ta prøven på nytt.

For å søkja statsborgerskap må du i tillegg dokumentera at du har ferdigheiter på nivå B1 eller betre i norsk munnleg og at du har gjennomført opplæring i norsk eller norsk og samfunnskunnskap.¨Om du ikkje har gjennomført opplæringa kan du søkje fritak dersom du har B1 eller betre på alle dei fire delprøvene i Norskprøva eller på anna måte kan dokumentere at du har gode nok kunnskapar i norsk.

Nokre kandidatar kan også få fritak frå kravet om å dokumentera språkferdigheiter og kunnskapar om samfunnet.

Du kan lesa meir om språkkrav og krav om kunnskaper om samfunnet for å bli norsk statsborger her.

UDI forvaltar regelverket om statsborgerskap. Det er berre UDI som kan svara på spørsmål om kva du må dokumentera for å oppfylla krava til statsborgarskap. Se UDIs informasjon til innvandrere om statsborgerskap.

Øygarden vaksenopplæring
Telefon 55 09 76 70

Adresse

Grønamyrsvegen 2, 5353 Straume

Postadresse
Ternholmvegen 2,
5337 Rong