Samarbeidsutval (SU) - politiske representantar

Ved kvar grunnskule skal det vere eit samarbeidsutval (SU) med to representantar for undervisningspersonalet, ein for andre tilsette, to for foreldrerådet, to for elevane og to for kommunen. 

Den eine av representantane for kommunen skal vere rektor ved skulen. Den andre representanten er vald frå den politiske verksemda.

Samarbeidsutvalet har rett til å uttale seg i alle saker som gjeld skulen, men er eit rådgjevande organ, og har ikkje avgjerdsmynde.

Informasjon om samarbeidsutvalet på kvar enkelt skule finn ein på nettsida til skulane.

Oversikt over politiske representantar

Valde politiske representantar med kontaktinformasjon (PDF, 140 kB)

Det er vedtatt at det ikkje skal vera politiske representantar i samarbeidsutvala i barnehagane.