Vi ønskjer å gje elevane våre det beste utgangspunktet for å kunne utvikla seg vidare i det
norske skule– og utdanningssystemet.
Innføringsklassar
Øygarden kommune gjev eit fulltids grunnskuletilbod gjennom innføringsgrupper med hovudfokus på norskopplæring til alle barn og ungdomar frå 1. til 10. klasse som ikkje snakkar norsk.
Felles for alle er at dei skal læra om norsk skulekvardag, samfunnet i Noreg og norsk språk, slik at dei snarast mogleg kan ta til som elever i ordinær norsk skule.
Det er nødvendig å læra både kvardagsspråk, og dei mest grunnleggjande fagorda i dei ulike skulefaga. Innføringsklassane er plasserte på ordinære skular i Øygarden.
Vi har innføringstilbod ved desse skulane
Gratis grunnskule i Noreg
Innføringsklasse er grunnskuleopplæring og difor gratis. Elevar som ikkje bur i skulekrinsen får reisa gratis med vår skulebuss til og frå skulen.
Nærskule
Alle barn i innføringsklassane er heile tida registrert som elevar ved nærskulen der dei bur og skal bli overførte til denne etter ei tid i innføringsklassen.
Elevane frå 1. til 4. klasse får tilbod om SFO på skulen (skulefritidsordning). Dette er eit fritidstilbod for elevane før og etter skuledagen. Pris kjem an på val av tilbod.
Det er vanleg at elevane går i innføringsklassen frå eitt til to år før dei tar til på nærskulen.
Elevar som ikkje kan norsk, kan velja å gå på nærskulen. Det er tilbod om ordinær timeplan,
med ein time grunnleggjande norsk i veka.
Læreplanar
Sidan elevane i innføringsklassane må bruka mykje tid på sjølve språkopplæringa, vert vektlegging av ulike kompetansemål i det norske læreplanverket ikkje heilt den same som i den ordinære skulen. Elevane får likevel opplæring i både matematikk, naturfag, samfunnsfag, gymnastikk, kunst i tillegg til norsk.
Viktige læreplanar for opplæringa i innføringsklassen er:
- Læreplan i grunnleggjande norsk for språklege minoritetar
- Læreplan i morsmål for språklege minoritetar
Skuleoversikt
Her finn du oversikt over skulane i Øygarden kommune.
Kontakt oss
Oppvekst:
Kontakt oss for meir informasjon om skuleplass for nykomne minoritetsspråklege elevar.
Koordinator Cecilia Byrknes Cecilia.byrknes@oygarden.kommune.no Telefon: 977 72 775
Øygarden kommune:
- Telefon sentralbord: 56 16 00 00 (måndag til fredag kl. 09.00-15.00)
- Postadr.: Ternholmvegen 2, 5337 Rong