Etterarbeid og brukarmedverknad mobbeutsatt:
- Jamlege samtalar med kontaktlærar, sosiallærar eller skuleleiing. Samtalane bør vere hyppige i starten. Fokus i samtalane er opplevinga av skulekvardagen, meistring og vanskar.
- Sosial dugleikstrening.
- Oppfølging og justering av tiltak fortløpende
Etterarbeid og brukarmedverknad mobbar (mobbarar):
- Jamlege samtalar med kontaktlærar, sosiallærar eller skuleleiing. Samtalane bør vere hyppige i starten. Fokus i samtalane er tilbakemelding på positiv åtferd ("Sjå når dei lukkast"), påminning om avtalar og informasjon om at dei vaksne fylgjer med.
- Dersom mobbing tek til igjen, brukar ein tiltakspyramide(PDF).
- Sosial dugleikstrening.
- Oppfølging og justering av tiltak fortløpende
Systematisk arbeid for eit betre læringsmiljø:
- Her vert det arbeida i tråd med "Trygg i Fellesskap- forebygging i skulen".
Lovar
Publisert 23.03.2021 11.33