Smart mat

Barn og unge treng jamn tilførsel av energi og næringsstoff for å vekse og utvikle seg. Vi kan tenke at kroppen er som ein motor som treng bensin for å fungere. Maten er som drivstoff for kroppen. Når vi et mat vil det gje oss krefter slik at kroppen fungerer som den skal. 

Ill. Pixabay - Klikk for stort bileteEin smart frukost og ein god matpakke vil halde barnet ditt mett over lengre tid, gje betre konsentrasjon og hukommelse, og overskot til både skule og andre kvardagsaktivitetar.

Gode matvanar blir lagt tidleg, og dei matvanar som barna lærer heime vil dei ta med seg vidare inn i ungdomsåra og vaksenlivet. Det er ein sterk samanheng mellom barna og foreldra sine matvanar, og foreldre er såleis viktige førebilete for barna sine. Gode matvanar blant barn og unge har mykje å seia for helsa, både på kort og lang sikt. Barn er avhengige av gode vaksne som planlegg og legg til rette for eit variert og godt kosthald.

Mat og måltid er ein viktig del av eit godt læringsmiljø og bidrar til å fremje konsentrasjon og læring. Gode rammer for måltidet gjev godt grunnlag for gode måltidsopplevingar og trivsel på skulen.

Undervisningsopplegg

I september har skulen satt av tid til ei veke med ekstra fokus på Smart mat. Undervisningsopplegg og læringsressursar er blant anna henta frå Helsedirektoratet, Matportalen, Elevkanalen, Opplysningskontoret for brød og korn, og Nasjonalt senter for mat, helse og fysisk aktivitet. Tema for veka er smarte val knytt til matpakka, grove kornprodukt, frukt og grønsaker og sukker.

Link til pdf-fil undervisningsopplegg

Brosjyre

Brosjyra «Smart mat for skulebarn» (PDF, 4 MB) blir sendt ut til alle føresette i Transponder ved skulestart.

Matpakke: meir enn berre brødskiver

Å lage matpakke treng ikkje vere komplisert. Bergen kommune har laga ein video med tips til gode matpakkar. Videoen er teksta på fleire språk.