Om helsefremjande skule

God helse er viktig for barn si utvikling og evne til meistring og læring. Vaner blir danna tidleg og skulen er, saman med heimen, ein viktig arena for etablering av gode levevaner. 

Ill. Mostphotos - Klikk for stort bileteProsjektet bygger på nasjonale anbefalingar for fysisk aktivitet for barn og unge, nasjonal fagleg retningslinje for mat og måltid i skulen, læreplanen med tverrfagleg emne og kompetansemål, nasjonal fagleg retningslinje for helsestasjon- og skulehelsetenesta og nasjonale faglege råd om lokale folkehelsetiltak. Hensikta til prosjektet er å arbeide tverrfagleg og systematisk for å skape bevissthet om fysisk aktivitet og smart mat for god helse hos føresette, elevar og tilsette i skulen og gjennom dette bidra til læring, trivsel og eit godt psykososialt miljø.

Prosjektet har henta inspirasjon frå andre kommunar og fylkeskommunar som jobbar med helsefremming i skule. Blant anna Liv og Røre i Vestfold og Telemark, HOPP-prosjektet i Horten kommune, ASK-prosjektet i Sogndal og helsefremmende barnehager og skoler i Nordland fylkeskommune.

Modell for prosjektet helsefremjande skule - Klikk for stort bilete

Kriterier

  • Helsefremmande arbeid er forankra i skulen 
  • Alle elevar er fysisk aktive minst 60 min kvar dag 
  • Nasjonale retningslinjer for mat og måtid i skulen blir fulgt 
  • Skulen har ei tilfredsstillande tverrfagleg skulehelseteneste 
  • Skulen og skulehelsetenesta har eit systematisk samarbeid 
  • Skulen har gode rutiner for samarbeid med, og medverknad frå, elevar og foresatte 
  • Skulen gjev opplæring i levevanar og har arbeidsmetodar som fremmar helse 

Kriteriene er utarbeida etter inspirasjon frå kriterier for helsefremjande skular i Nordland fylkeskommune og veileder for Liv og Røre i Vestfold og Telemark fylkeskommune.

Retningslinjer

Det blir ofte mange sosiale arrangement i løpet av eit skuleår. Målet med retningslinjene er å påverke til å ta smartare val når det kjem til avslutningar, idrettsdag, turdagar, belønning m.m. i skulesamanheng. Retningslinjer for arrangement (lenke).