Muslibarar høyrer ikkje heime i matpakka

Det er veldig forståeleg at mange foreldre legg med energibarar i matpakka. Det er enkelt, billeg og smakar søtt. Men dei er ikkje næringsrike og innheld veldig mykje sukker, og har ingenting i matpakka å gjere. Ein kunne nesten like godt sendt med ein sjokolade, meiner ernæringsrådgjevar Iselin Bogstrand Sagen frå Opplysningskontoret for frukt og grønt. 

Til dagens viktigaste måltid, matpakka til lunsj, er det smart å få i seg mat som gjev energi som varer. Barn og unge har behov for mat som gjer det lett å halde konsentrasjonen, oppmerksomheten og humøret oppe over tid. 

Dei fleste energibarane består av sukker i ulike former, prossesert korn, konsistensmiddel og smaksforsterkarar. Sagen meiner mange av muslibarane er ultra-prosesserte sukkerbomber. Det er mange av ingrediensane du aldri ville finne i eit vanleg kjøkken- eller kjøleskap og då hjelper det lite at ein bar gjev lite kaloriar eller litt fullkorn eller nøtter. Til kvardags bør ein ete mat som liknar meir på mat og som tilfører kroppen nyttig næring. 

Muslibarane gjev høg blodsukkerstigning, som synk like fort igjen. Det er ikkje forenelig med ein skulekvardag der barn og unge er avhengig av mat som hjelper til med å halde konsentrasjonen gjennom heile skuledagen. 

Sjå Iselin Sagen fortelje meir i denne videoen