Fysisk aktivitet

Fysisk aktivitet i skule og SFO bidrar til å redusere stillesitting og auke læringsutbytte til elevane. Det stimulerer utvikling av motoriske ferdigheiter og bevegelsesglede, og fremmer god fysisk og psykisk helse. 

Ill. Mostphotos - Klikk for stort bileteSamtidig skaper det trivsel og eit godt sosialt læringsmiljø. Skule og SFO er ein viktig helsefremmande arena som kan bidra til å utjamne dei sosiale helseforskjellane i samfunnet, ved å gje alle barn den same mogelegheita for å utfalde seg i fysisk aktivitet.  

Fysisk aktiv læring

Fysisk aktiv læring (FAL) handlar om å integrere bevegelse i undervisninga. Det er eit pedagogisk metodeval der læraren legg til rette for at elevane jobbar med undervisningsoppgåver samtidig som dei er i fysisk aktivitet. Målet er å skape bevegelse i undervisningsøkter. Ved å ha små grupper unngår ein at elevane brukar mykje tid på å stå i kø. Eksempel på aktivitet kan vere glosestafett eller stjerneorientering på skuleplassen. Veldig mykje er gjort når ein flyttar oppgåvene vekk frå pulten til elevane, slik at dei må bevege seg. FAL eignar seg spesielt godt til repetert læring, som introduksjon til nytt kapittel og det er ein god variasjon til andre undervisningsmetodar. Forsking viser at FAL bør timeplanfestast for at det ikkje skal bli gløymt i ein hektisk skulekvardag. Les meir om fysisk aktiv læring her – Fysisk aktiv læring.

Her finn du aktivitetsbankar og eksempel på undervisningsopplegg for fysisk aktiv læring:

Aktivitetspausar

Aktivitetspausar er kortvarige, aktive pausar med aktivitet i klasserommet. Avbrekka treng ikkje nødvendigvis å ha eit fagleg innhald, kan betre læringssituasjonen og gje elevane ein pause frå stillesittande aktivitet. Eksempel kan vere «Just Dance» på storskjerm eller «stein, saks, papir» på skuleplassen. Elevane er ofte kreative og kjem på gode forslag til pauseaktivitet. Aktivitetane opplevast ofte som morosame og miljøskapande for elevar og lærarar. Aktivitetspausar krev lite førebuing og utstyr og betrar konsentrasjon og oppmerksomhet. Les meir om aktivitetspausar her.

Her finn du eksempel på aktivitetspausar:

Aktivitetar til friminutt og SFO

SFO er barnas fritid og leiken har ein grunnleggande rolle og verdi i eit barns liv. Når ein skal tilrettelegge for aktivitet i friminutt og SFO er det difor viktig at barna får medverke i organisering og tilrettelegging av aktiviteten. Vaksenstyrt aktivitet kan vere nødvendig for å motivere til samspel med andre og bidra til å utvikle sosiale relasjonar og venskap. Organisert fysisk aktivitet kan vere eit godt hjelpemiddel for å inkludere alle barna i fysisk aktivitet, også dei som fell utanfor barnestyrt leik.

Aktivitetshefte (PDF, 2 MB)

Ønskjer du fleire tips?

150 enkle leikar: bli kjent og samarbeidsleikar, leikar med fokus på løp, hopp og kast, alternative leikar, parøvingar og parleikar.

Aktivitetskampanjar

Beintøft: Gå-til-skulen-aksjon med fokus på klima og miljø. Gjennomførast i september.

Skoletråkk: Sykle- og gå-til-skulen-konkurranse. Gjennomførast i april-juni. 

Mattemaraton: Konkurranse som skal fremje engasjement for realfag, stimulere til samarbeid og ikkje minst få fleire elevar i fysisk aktivitet. Gjennomførast i mai.

Hopp for hjertet: Hoppetaukonkurranse for 4.-7.trinn. Ønsker å inspirere til auka fysisk aktivitet i skulen og gje elevane ei positiv oppleving av trivsel og fysisk aktivitet i fellesskap. Gjennomførast i mai.