Reiseskildring: jobbskygging
Namn: Christel L.Brown
Arbeidsstad: Stranda skule
Land: Sverige
Namn på skule: Dalaskolan
Dato: 27.05 - 29.05.2026
Kvifor valde du denne destinasjonen og korleis kom de i kontakt med kvarandre?
Vi vart satt i kontakt med Dalaskolan i Gøteborg gjennom samarbeid i kommunen, då barnehagane som er i Erasmus+ prosjekt hadde avtalt besøk i Gøteborg.
Reise og opphald
Vi tok fly frå Flesland flyplass (Bergen) til Landvetter flyplass (Gøteborg). Derifrå tok vi 4 taxi sidan vi landa seint, og ikkje visste korleis vi skulle kome oss til hotellet. Kostnaden vart delt på oss 4.
Vi budde på Thon Hotel Dockyard, i gåavstand til skulen vi besøkte.
Mål for reisa
- Lære om organisering av inkludering av alle elever.
- Inkludering av elever med spesielle behov.
- Hvordan inkludere barn med store språkvansker.
Eg forventa å sjå organisering og logistikk, og at noko var både likt og ulikt slik vi gjer det i Noreg.
Korleis opplevde du opphaldet
Det var eit veldig nyttig og lærerikt opphald, både det å kunne snakke skule med kollegaer og med dei vi var på jobbskygging hos. Vi vart teke godt imot av dei vi jobbskygga, både vaksne og elevar. Fekk observere, snakke saman med tilsette og elevar, ta del i undervisning, fekk omvising, tok bilete, og deltok i deira daglege rutine over 2 skuledagar.
Oppsummering:
Eg vil absolutt anbefale andre å delta i ei slik jobbskygging. Det som er viktig er å ha eit læringsmål som utgangspunkt, men at dette kan endre seg i løpet av tida du er der sidan du snakkar og observerer menneske i sitt daglege arbeid.
