Reiseskildring: Jobbskygging
Namn: Julie A. Rong, Elisabeth Ledang Helle, Toiny L. Oen og Jannike Bendiksen
Arbeidsstad: Tjeldstø skule
Land: Spania
Namn på skule: CEIP Plurilingüe Mestre Rodríguez Xixirei, Santiago de Compostela.
Dato: 16. - 19. juni
Kvifor valde de denne destinasjonen og korleis kom de i kontakt med kvarandre
Vi valde Santiago de Compostela fordi vi ønskte å få innsikt i eit anna europeisk skulesystem, observera undervisningspraksis og henta inspirasjon til vidare utvikling av eigen skule. Kontakten vart etablert gjennom Erasmus+-samarbeid med vertsskulen, der fleire av lærarane også hadde besøkt Tjeldstø skule tidlegare.
Kva var målet for reisa, kva forventa de å sjå
Målet med jobbskygginga var å få innsikt i korleis den spanske skulen er organisert, observera undervisninga, klasseleiing, bruk av digitale verktøy, universell utforming og korleis dei arbeider med inkludering og sosial kompetanse. Vi ønskte også å læra om kulturelle skilnader, elevmedverknad og praktiske læringsmetodar som kunne overførast til eigen praksis ved Tjeldstø skule.
Korleis opplevde de opphaldet
Vi vart tekne svært godt imot av både skuleleiing, lærarar og elevar. Opphaldet var prega av stor gjestfridom, openheit og stoltheit over eigen kultur og skule. Aller første dag fekk vi ei innføring i det spanske skulesystemet og omvising av elevar på 5. og 6. trinn, som presenterte skulen på engelsk.
Gjennom observasjonar av undervisninga fekk vi sjå eit skulemiljø med stor vekt på praktisk læring, utforsking og samarbeid. På dei yngste trinna starta ofte timane med samling på golvet før elevane arbeidde vidare i grupper. Elevane hadde faste klasserom, medan lærarane flytta mellom klasser etter fag. Dette skapte ro og tydelege rutinar.
Vi observerte undervisning i matematikk, engelsk, naturfag og musikk. Særleg matematikken var prega av konkrete og praktiske metodar. Skulen nytta i liten grad tradisjonelle lærebøker, og elevane fekk i stor grad utforska og undersøkja sjølve.
Ein av dei mest inspirerande delane av besøket var arbeidet i skulehagen og uteområdet. Elevane hadde ansvar for dyrking av grønsaker, urter og frukttre, og dei tok vare på ein eigen froskedam. Uteområdet var variert med fotballbane, basketballbane, klatrevegg, trampoline og andre aktivitetar som fremja både læring og sosial utvikling.
Vi fekk også oppleva kreative læringsaktivitetar. Elevane intervjua oss til ein skulepodkast, og vi vart underhaldne av elevar som spelte musikk i friminutta. Skulen hadde ei ordning der elevar frivillig kunne framføra talent for resten av skulen.
Noko som gjorde særleg inntrykk, var elevmeklinga. Eldre elevar hadde ansvar for å hjelpa medelevar med konfliktløysing gjennom strukturerte samtalar i eige område av skulen. Dette bidrog til ansvarskjensle, inkludering og eit trygt læringsmiljø.
Vi la også merke til den gjennomtenkte bruken av teknologi. Alle klasserom hadde digitale tavler, men elevane fekk ikkje eigne datamaskiner før 5. trinn. Dette gav rom for meir analog og praktisk læring på dei lågaste trinna.
Eit anna særtrekk var at skulen ikkje brukte ringjeklokke. I staden vart det spela musikk over høgtalarane ved skulestart, friminutt og undervisningsskifte. Dette skapte ei roleg og positiv stemning gjennom skuledagen.
Oppsummering
Jobbskygginga i Santiago de Compostela var ei svært lærerik og inspirerande oppleving. Høgdepunkta var arbeidet med elevmekling, skulehagen, den praktiske undervisninga, musikken som erstatning for ringjeklokke og den varme mottakinga vi fekk av vertsskulen.
Vi lærte mykje om korleis struktur, fellesskap og praktiske arbeidsmåtar kan bidra til inkludering og læring. Vi fekk også nye perspektiv på skjermbruk og korleis digitale verktøy kan balanserast med meir tradisjonelle arbeidsformer. Erfaringane vil vera verdifulle i vidare utvikling av undervisning, klasseleiing og skulemiljø ved eigen skule.
Vi vil absolutt anbefala jobbskygging til andre. Det gir fagleg påfyll, nye perspektiv, internasjonale nettverk og høve til å sjå eigen praksis med nye auge.
