Jobbskygging i Italia

Her kan du lesa reiseskildring frå jobbskyggetur til Viterbo i Italia.

Reiseskildring: Jobbskygging
Namn: Monica Berntsen, Kaja Venge og Anita Hersvik
Arbeidsstad: Knappskog skule
Land: Italia
Namn på skule: Istituto Comprensivo Statale Pietro Vanni
Dato: 26. - 29. mai

Kvifor valde de denne destinasjonen og korleis kom de i kontakt med kvarandre?

Skulen i Italia sine arbeidsmåtar samsvarte med måla vi hadde om inkludering og arbeid med fleirspråklege og barn med spesialpedagogiske vedtak. Leiinga ved skulen, Monica, tok kontakt med skulen gjennom heimesida til Erasmus. Det var denne skulen som verka mest interessant med omsyn til kva vi ville sjå og læra.

Reise og opphald

Vi tok fly til Roma og tog vidare til Viterbo. Vi budde på eit hostel i gamlebyen som heiter Nazareth.

Mål for reisa

Målet var å observera korleis skulen arbeider med inkludering, tilpassa opplæring, klasseleiing og læringsmiljø. Vi ønskte å samanlikna metodar og organisering med eigen praksis og henta inspirasjon til vidare utviklingsarbeid.

Vi ville reflektera over vaksenrolla, klasseleiinga og elevane si deltaking i læringsarbeidet, samanlikna dette med eigen praksis og dela erfaringane med kollegaer etter heimkomst.

Korleis opplevde de opphaldet

Det har vore svært interessant og lærerikt å reisa til Viterbo og sjå korleis pedagogar arbeider i ein annan skulekultur, og vi vart tekne imot på ein svært varm og inkluderande måte av både leiing og tilsette.

Gjennom heile opphaldet hadde vi ein avdelingsleiar som følgde oss opp, og vi fekk besøka ulike klassar og observera undervisning i fleire fag og på fleire alderstrinn. Sjølv om skulen kunne verka noko kaotisk ved første inntrykk, såg vi raskt at arbeidet var godt organisert.

Vi fekk også eit godt innblikk i korleis elevar med spesielle behov vart ivaretekne. Alle elevar med sakkunnig vurdering fekk tildelt ein eigen spesialpedagog som følgde dei tett gjennom skuledagen, utan at dette påverka skulen sitt budsjett. Elevane fekk individuell oppfølging som både bygde på klasseundervisninga og eigne behov. Skulen hadde dessutan eit imponerande sanserom som vart brukt til både trening og pausar ved behov.

Skulen hadde ein eigen kjøkenhage som vart nytta i Green Lab-prosjekt. Vi fekk vera med på ei økt der elevar med ulike utfordringar deltok i praktiske aktivitetar saman med lærarane sine. Green Lab gav elevane ein fleksibel læringsarena med alt utstyr samla på éin stad, slik at dei kunne delta ut frå eigne føresetnader.

Elevane hadde få og korte pausar, og dei oppheldt seg innandørs i friminutta under tilsyn av lærarane. Skulen hadde eigne gangvakter som støtta både elevar og lærarar og bidrog til eit trygt og godt skulemiljø. Samstundes la vi merke til at lærarane arbeidde under enkle forhold, med avgrensa kontorplass, få ferieveker og låg løn. Dette gav oss perspektiv på kor gode arbeidsvilkår og rettar lærarar har i Noreg.

Oppsummering

Dette var ein skule som var vand med å ta i mot Erasmus-besøk. Dei hadde laga ein køyreplan med mykje og variert innhald, både på skulen og utanom. Dei tok oss med på ulike attraksjonar, guida turar og lunsj.

Det største høgdepunktet på reisa var menneska vi møtte. Vi vart tekne godt imot av imøtekomande og inkluderande tilsette som fekk oss til å føla oss velkomne. Vi vart også imponerte over dei mange flotte kunstverka elevane hadde laga, og som prega skulen. Opphaldet gav oss mange nye idear til korleis vi kan organisera og leggja til rette for aktivitetar for elevar som treng noko anna enn den ordinære undervisninga. Vi tek med oss både fagleg inspirasjon og større forståing for korleis skular i andre land arbeider.

Vi vil anbefala jobbskygging gjennom Erasmus til alle som får anledning til det. Det er verkeleg både lærerikt og kjekt.

Bilete frå klasserom i Italia - Klikk for stort bilete