Reiseskildring: Jobbskygging
Namn: Katrine Abelsen, Solveig Ulveseth og Jeanette Johnsen
Arbeidsstad: Knappskog skule
Land: Frankrike
Namn på skule: Ecole èlèmentaire Emile Zola
Dato: 5. - 8. mai
Kvifor valde de denne destinasjonen og korleis kom de i kontakt med kvarandre?
Leiinga søkte om å få vera ein del av denne satsinga i kommunen. Vi fekk godkjenning for to mobilitetar, og valde å reisa med ein lærar, ein representant frå leiinga og ein fagarbeidar. Vi var heldige som fekk høve til å vera med.
Avdelingsleiar, Monica, tok kontakt med ulike skular som vi hadde lyst til å besøka.
Reise og opphald
Vi tok fly til Lyon og budde på Belamra Hotel «Villemanzy» i sentrum. Vi tok metro til og frå skulen vi var på.
Mål for reisa
Målet for reisa var å besøka ein barneskule og observera og reflektera over likskap og ulikskap. Vi ønskte å observera metodar for individuell tilpassa opplæring og inkludering. Vi ønskte å reflektera over metodar som vart nytta og vaksenrolla/klasseromsleiing. Reflektera over korleis barna vert aktivert og engasjert i læringsprosessen.
Observera korleis andre inkluderer kulturelle forskjellar.
Korleis opplevde de opphaldet
Lærarane på skulen vi besøkte var svært imøtekommande. Det var kjekt at dei hadde vore på besøk hos oss og vi kom til dei. Dei hadde lagt opp til innhaldsrike dagar der vi var innom ei spesialavdeling for elevar med autisme, klassar med elevar frå 3-5 år og «vanlege» klassar med aldersgrupperingar slik vi er vande med i Noreg, der elevane er frå 6- 12 år.
Det var interessant kor mykje dei aller minste 3-5 åringane jobba i klasserommet og i friminutta, og korleis dei jobba med små og stor bokstavar.
Vi fekk innsikt i korleis dei organiserer skulefritidsordninga si. Det var interessant korleis dei vaksne på skule og SFO samarbeidde.
Det var både hyggeleg og lærerikt å dela observasjonar og refleksjonar.
Då vi var hos dei fekk vi lokal mat servert i lunsjen, dei inviterte oss heim ein kveld på middag og dei booka ein koseleg lunsj til oss. Vi følte oss godt tatt i mot, både på skulen, men også på fritida. Dei viste oss rundt i byen og la til rette for kjekke aktivitetar for oss.
Oppsummering
Turen vår til Lyon var godt planlagt frå skulen vi besøkte. Vi fekk sjå korleis dei jobba i alle trinn på skulen. Korleis dei jobba med tilrettelegging og korleis dei ulike overgangane gjekk føre seg. Det var kjekt at dei hadde vore på besøk hos oss, slik at vi då vi fekk reflektera over observasjonar saman med dei. I tillegg til å få observert skulen vi besøkte, fekk vi også besøkt ein spennande by. Det var kjekt å få sjå oss rundt, ete god mat og oppleve kulturen.
Erasmus+ er eit godt program for kunnskapsutvikling, samtidig som det er godt for oss som kollegaer å få tid saman og reflektera over korleis ting er på vår skule.
