Jobbskygging i Danmark

Her kan du lesa reiseskildring frå jobbskyggetur til Alssund-Skolen i Danmark.

Reiseskildring: Jobbskygging
Namn: Renathe, Cathrine, Cecilie, Eva og Synnøve
Arbeidsstad: Ulveset skule
Land: Danmark
Namn på skule: Alssund-Skolen
Dato: 2. - 5. juni

Kvifor valde de denne destinasjonen og korleis kom de i kontakt med kvarandre

Vi valde å reisa til Danmark fordi der kan vi forstå kva dei vaksne seier og kva elevane seg i mellom snakkar om. Og at vi på den måten lettare kunne forstå dynamikken mellom elevane.

Korleis kom du deg dit og kor budde du

Vi tok fly frå Bergen til Sønderborg. Vi hadde mellomlanding i København. Vi budde på Scandic i Sønderborg, med gåavstand til Alssund skule.

Kva var målet for reisa, kva forventa de å sjå

Målet var å sjå korleis dei jobbar med trygt og godt læringsmiljø for elevane. Vi hadde forventingar om å sjå korleis dei jobba og for å sjå om det var noko vi kunne læra av dei, eventuelt at dei kunne læra noko av oss.

Korleis opplevde de opphaldet

Vi hadde ein veldig fin tur. Vi opplevde at vi blei møtt av veldig hyggeleg personale. Dei var opne og vi fekk vera tilstades i timane og lært mykje om korleis dei gjer det der. Vi fekk også delta i samarbeidstid dei hadde på trinna. Vi fekk observera 2.- og 3.trinn. Det tilsvarar 3.-og 4.trinn i Noreg. Grunnskulen der er frå 0-9.klasse, mens vi i Noreg har 1-10.klasse.

Det vi fekk sjå som vi særleg likte var at dei hadde «Tvilling»-klassar. Dette var elevar med utfordringar som var i små klassar med andre elevar med utfordringar. Desse klassane var alltid «C-klassen» og nokre timar kvar dag hadde dei «tvilling-timar». Dette var timar som var lagt opp for at «C-klassen» fekk koma inn til dei andre klassane og samarbeida med dei andre på trinnet. Desse «tvilling-timane» var veldig godt tilpassa for at alle skulle føla 
meistring.

Strukturen i alle klasserom var lik. Alle hadde same dagstavle med oversikt over dagen ved hjelp av bilete og symbol. Arbeidsøktene blei strukturert med bevisst bruk av timer. All visuell støy i klasserommet var tatt vekk. Dei hadde også skjermar mellom elevar som hadde behov for det.

Dei hadde også 00-klasse som dei kalla for mai-barna. Dette er det vi ville kalt for førskulebarn. Desse barna fekk starta på skulen i mai, slik at dei fekk bli kjent med skulen.

Elevane hadde ikkje eigne digitale einingar som dei kunne nytta, men klassen måtte booke dataskap.

Oppsummering

Vi hadde ein utruleg fin og lærerik tur. Det var kjekt å kunna snakka saman med lærarar der, for å kunna dela erfaringar. Vi fann ut at vi hadde mykje til felles, men at det også var store skilnadar. Det vi satt igjen med som vi syntes var mest interessant var korleis dei bygde skular rundt elevar med spesielle behov. Særleg knytt til «Tvilling-timar» som dei hadde. Det var interessant å sjå korleis dei jobba for å tilpassa til alle, og at dei låg i forkant med arbeid. Dei brukte ressursane på ein litt annan måte enn vi gjer.

Bilete av inngangspartiet til skulen - Klikk for stort bilete