Reiseskildring: jobbskygging
Namn: Monica Beathe Vindenes
Arbeidsstad: Liljevatnet barnehage
Land: Sverige
Dato: 16.03 - 19.03.2026
Kvifor denne destinasjonen?
På bakgrunn av det var første gang vi var deltakar i Erasmus + og skulle på jobbskygging, tenkte vi at dette blei lettast med tanke på språket. Dei er enkle å forstå, samt at vi sjølve kunne snakke norsk.
Vi meldte oss først inn i ei Facebook-gruppe til Erasmus+, men det var ikkje så lett å finne rett kontakt der. Kari Lønningen, pedagog i Marihøna barnehage hadde tidlegare delteke i Erasmus+, og hadde kontaktar i Sverige. Vi sendte mail til to rektorar der og forklarte at vi var 2 barnehagar som skulle på jobbskygging, beskreiv kva vi ønska å jobbeskygge og om dei var interessert i besøk. På same tidspunkt hadde Trond Heggestad vore i kontakt med Eva Lena. Han kjenner ho frå tidlegare, da dei har hatt partnarskap i Erasmus+.
Vi fekk raskt svar på mail fra Eva-Lena og Liselotte. Begge var veldig interessert i besøk av oss.
Barnehagane vi besøkte har eit særleg fokus på språk og barns rett til å uttrykke seg, og ser mangold som ein ressurs. Gjennom FABEL-prosjektet sitt bruker dei munnleg historie forteljing for å styre barns språk og kommunikasjon. Øygarden kommune er ein språkkommune. Dette er svært relevant for oss, sidan Øygarden kommune er ein språkkommune med fokus på mangfald og inkludering som satsingsområde i barnehagen.
Reise og opphald
Eg samkøyrte med ein av mine tilsette til Flesland. Vi tok direktefly til Gøteborg og flybuss til hotellet, Hyatt pace Gothenburg central, som ligg ved sentralbanestasjonen. Herifrå var det enkelt å kome til og frå barnehagen med buss og trikk.
Mål for reisa
Hovudmålet var å finne ut av korleis dei jobba strategisk med å inkludera minoritetsspråklege og barn med særskilte behov.
Eg ønskte blant anna å få innsikt i korleis dei samarbeidar med minoritetsspråklege føresette, kva for kommunikasjonsmetoder dei tok i bruk, det allmenn pedagogiske vs. det spesialpedagogiske, korleis arbeider dei i praksis og tilsett prosesser. Eg ønska å få inspirasjon og nye metodar til å vidareutvikla vår eigen praksis i Liljevatnet barnehage.
Eg forventa å sjå mange fleire minoritetsspråklege barn og tilsette i barnehagane enn hos oss. Eg var difor veldig spent på å høyra korleis dei jobba med å inkludera i barnehagane sine.
Erfaringar frå opphaldet
Eg var veldig spent før opphaldet, men sit att med berre gode opplevingar. Vi vart tekne svært godt imot av rektorane Eva-Lena og Elin, som begge framstod som varme og imøtekomande personar. Allereie første dag fekk vi oss ein liten latter då vi hadde teke trikken i feil retning – då vi ringde Eva-Lena, vart det starten på ein hyggeleg tone. Elin møtte oss ved haldeplassen og følgde oss trygt fram.
Vi fekk først omvising i Nymilsgatan barnehage, der Elin er rektor, før vi besøkte Orkestergatan barnehage, der Eva-Lena er rektor. Under omvisingane vart det tydeleg kva barnehagane satsa på. Dokumentasjon var godt synleg på veggane, plassert i barnehøgd, og samsvarte godt med det rektorane fortalde. Det fungerte som eit aktivt pedagogisk verktøy i kvardagen. Vi vart òg inspirerte av korleis dei nytta det fysiske miljøet som ein aktiv del av det pedagogiske arbeidet. Dei hadde ein medviten bruk av rom og god tilgang på materiell slik at barna fekk høve til å delta i leik og læring på eigne premissar.
Dei neste dagane sat vi i møte og jobbskygga rektorane. Dei presenterte satsingsområda sine, viste planar og svara grundig på spørsmåla våre – særleg knytt til inkludering. Gjennom desse dagane fekk vi eit tydeleg inntrykk av at barnehagane arbeider systematisk og gjennomtenkt med praksisen sin.
Eva-Lena og Elin framstod som eit svært godt team, som over tid har arbeidd målretta for å utvikle både læringsmiljøa og kompetansen til dei tilsette. Det var kjekt å kunne gje dei positiv tilbakemelding på det vi fekk sjå og høyre, noko vi opplevde at dei sette stor pris på.
Opphaldet var prega av mykje latter og gode samtalar. Begge dagane vart vi køyrde til ulike stader for lunsj, der vi snakka om både arbeid og private ting, noko som gjorde opplevinga endå meir personleg og kjekk.
Eg hadde med meg ein pedagogisk leiar/assisterande styrar og ein fagarbeidar, noko som gav oss gode høve til å reflektere saman undervegs.
Oppsummering
Det var ei svært kjekk og lærerik oppleving å reise på jobbskygging saman med tilsette frå Marihøna barnehage. Begge rektorane vi fekk følgje, var dyktige fagpersonar med lang erfaring, og dei viste med stoltheit fram barnehagane sine og delte ope om korleis dei arbeider.
Som gruppe hadde vi det også veldig fint saman. Kveldane baud på gode samtalar og refleksjonar kring det vi hadde sett og opplevd, ofte over middag på restaurant. Dette styrkte både fellesskapet og læringsutbyttet av turen.
Det var mange tilsette og barn med innvandrarbakgrunn i barnehagane, noko som gjorde meg ekstra nysgjerrig på korleis dei arbeidde med inkludering. Læringsmiljøa ved Nymilsgatan og Orkestergatan barnehagar framstod som svært gjennomtenkte. Dei var estetisk tiltalande, varme og innbydande, og både romløysingar og materiell synleggjorde tydeleg for barna kva som skulle skje. Det fanst lesemiljø fleire stader, og dei vaksne var aktivt til stades også der.
Pedagogane var mykje på golvet, med ei medviten plassering i rommet, og i kontinuerleg samspel og kommunikasjon med barna. Strukturen i kvardagen verka svært støttande, både for barna og for dei tilsette. Dette er noko av det eg særleg vil ta med meg vidare i eige arbeid.
Det som overraska meg mest, var at dei i liten grad gjorde noko ekstra retta spesifikt mot minoritetsspråklege barn eller barn med særskilde behov. Bemanninga var lågare enn det vi er vane med i Noreg, og dei hadde verken spesialpedagog eller eigne støtteressursar knytt til barn med særskilde utfordringar. I staden hadde dei eit grunnsyn om at alle barn har særskilde behov, og at alle skal ha utbyte av eit godt tilrettelagt læringsmiljø. Dei vektlegg at alle barn treng trygge, tydelege vaksne som fordeler seg godt i rommet, og dei skil i mindre grad mellom grupper – alle er ein del av fellesskapet, «Gøteborgarar».
Ei slik oppleving med jobbskygging vil eg varmt anbefale til andre. Det krev ein del arbeid både i forkant og etterkant, men gevinsten er stor. Eg har fått fagleg påfyll, ny inspirasjon og motivasjon til kva vi kan vidareutvikle i Liljevatnet barnehage, i tillegg til verdien av å vere på tur saman og dele erfaringar.
Vi håpar også å få høve til å invitere Eva-Lena og Elin til jobbskygging hos oss. Vi har òg mykje vi er stolte av, og som vi gjerne vil få vise fram.
Reisefølge og vertsskap
Kari Lønningen(ped.leder i Marihøna), Monica Beathe Vindenes(styrar i Liljevatnet), Jannicke Matre(barne-og ungdomsarbeidar i Liljevatnet), Therese Frostad(styrar i Marihøna) og Katja Morvik( ass. Styrar i Liljevatnet og Marihøna).
Rektor, Eva-Lena Carling(øvst til venstre), rektor Elin Samuelsson(nede til venstre) og Jenny(pedagog i Nymilsgatan(øvst til høyre)Rektor, Eva-Lena Carling(øvst til venstre), rektor Elin Samuelsson(nede til venstre) og Jenny(pedagog i Nymilsgatan(øvst til høyre).
Biletgalleri