Skogsskiftet

Skogsskiftet er eit av Øygarden kommune sine kommunedelsentra, eit prioritert område for utvikling og vekst og skal vera eit sterkt og mangfaldig sentrumsområde. Kommunen ønskjer å legge til rette for vidareutvikling av tenestetilbodet som er her i dag, samt styrke koplingane mellom bustadområda og sentrums- og tenestefunksjonane.

Skogsskiftet er knutepunktet for kollektivtilbodet i sør, har eit handel og tenestetilbod, gode tilhøve for barn og unge med anlegg for fritidstilbod tett på ein barneskule og vidaregåande skule.

Kommunedelplan Skogsskiftet (2009 - 2021)

I 2009 gjorde Sund kommunestyre vedtak om ein kommunedelplan for Skogsskiftet i Sund Kommune. Føremålet med planen var å lage eit godt styringsdokument for framtidig vekst og utvikling av områda, med ambisjonar om å gjera Skogskiftet til ein attraktivt tettstad i regionen med eit levande og konkurransedyktig sentrum.

Kommunedelplan for Skogsskiftet

Reguleringsplan for Fv 555, Sotra sør (2019)

Hausten 2019 vedtok Sund kommune og Fjell kommune reguleringsplan for ny Fv555. Reguleringsplanen har vore viktig for kommunen å få regulert, då utbetring av hovudvegen og koplingar til øvrige delar av kommunen og fastlandssambandet til Bergen og er avgjerande for å vekst i både busetting og næring i søre delar av kommunen. Vegplanen fastlegg også ny trase forbi kommunedelsenteret, som gjev føringar for utvikling i området. Ny planlagt trase forbi Skogsskiftet Finansiering av vegsambandet er ikkje løyst.  

Reguleringsplan for Skogsskiftet

Reguleringsplanar for Skogsskiftet

Det pågår fleire reguleringsplanar innanfor gang- og sykkelavstand til sentrum. Desse planane kan du finne meir informasjon om i kartkøysinga til kommunen.


Under arbeid