Straume

Straume er regionsenteret i Øygarden kommune, og for Bergen vest og Askøy. Regionale offentlege tenestetilbod, handelstilbod, kultur og fritidstilbod, arbeidsplassar og kollektivknutepunkt er nokre av funksjonane som gjer Straume til vårt felles sentrum.

Kommunen har vedteke fleire planar for korleis Straume skal utviklast, og delar av desse planane ser vi er realiserte gjennom den endringa som vi har opplevd at Straume har hatt dei siste ti åra.

Kommunedelplan

I 2006 gjorde Fjell kommunestyre vedtak av ein ambisiøs og framtidsretta kommunedelplan, som har fungert som overordna styringsverktøy for utvikling og utbygging av Straume. Kommunedelplanen frå 2006 er ein ambisiøs og framtidsretta plan, som gjev føringar for at Straume skal verta eit levande, miljøvenleg og aktivt regionsenter med nærområde som supplerer og støttar opp om sentrum.

Kommunedelplan for Straume

Planprogram med føringar for kvalitet på Straume 

For ein del av Straume sentrum er det definert eigne krav til kvalitetar og utforming i eit planprogram/kvalitetsprogram. Dette planprogrammet har lagt grunnlaget for viktige reguleringsplanar og byggesaker i sentrumskjernen.

Planprogram for Straume sentrum (PDF, 9 MB)

Områdeplan for Straume sentrum 

Omfattar sentrumsformåla frå kommunedelplanen, som ligg rundt Sartor Storsenter. Med denne reguleringsplanen skal Straume ta steget frå kjøpesenter til bysentrum, og hovudgrepet er å skapa ein ny bystruktur og leggja til rette for nye og samansette funksjonar. Planen legg også opp til ei vesentleg estetisk oppgradering av sentrumsområdet, med eit eige kvalitetsprogram for gater, plassar og parkar.  Kjernen i sentrum er den nye ”Festplassen” med tilliggjande bygningar.

Områdeplan for Straume sentrum

Reguleringsplanar i Straume sentrum

Det er fleire reguleringsplanar som følgjer opp dei overordna målsettingane om sentrumsutviklinga av Straume. 

Plankart for reguleringsplanar i Straume sentrum


Under arbeid