Kvifor vurderer vi ikkje arealinnspel om konkrete eigedommar no?
Innspel om til dømes endra arealbruk til bustadtomter, naust, næringsbygg og liknande vert det opna opp for våren 2026. Årsaka til at vi ventar med arealinnspel er fordi vi først skal utarbeida strategiar for kva for viktige verdiar i Øygarden vi skal ta vare på for framtida, og korleis vi skal bruka areala i kommunen til å nå måla for samfunnsutvikling. Innspela vi har bedt om fram til no er ein viktig del av kunnskapsgrunnlaget for å utarbeida strategiane. Du kan lesa meir om kunnskapen vi hentar inn og arbeider med her.
Når vi våren 2026 opnar opp for arealinnspel, ønskjer vi at de legg desse inn i ein eigen kartportal, slik at vi får samanstilt alle slike innspel digitalt. Dei som allereie har sendt inn arealinnspel skriftleg vil få ei oppmoding om å registrera desse på nytt våren 2026.
Kva har skjedd med innspela du har sendt inn?
Dine tankar har vore viktig kunnskap for å laga gode strategiar og prinsipp om korleis kommunen skal utviklast for framtida. Vi har summert opp alle innspela som har kome til no, og levert dei til politikarane. Innspela vert lagt til grunn for avgjersler om korleis Øygarden skal bruka areala i framtida. Vi har teke vare på innspel som er komen inn i samband med samfunnsdelen til kommuneplanen, bustadsosial plan og strategisk plan for kultur, idrett og frivilligheit. Desse innspela tek vi fram att i nytt planarbeid.
Blir det innspelsmøte i bygda mi?
Våren 2024 besøkte vi dei 7 lokalsentra Tjeldstø, Toftøy, Knarrvika, Fjell. Ulveset/Møvika, Stranda og Spildepollen. Hausten 2024 besøkte vi kommunedelsentra Rong, Ågotnes og Skogsskiftet. Hausten 2024 opna vi også for skriftlege innspel frå alle bygdene. Her kan du lesa oppsummerande rapportar frå møtene og innspela vi fekk inn. Vi tek no ein pause i slike medverknadsmøte, og neste runde med medverknadsaktivitetar vert hausten 2025.
Samstundes som vi arbeider med arealdelen for heile kommunen, skjer det mykje spennande i kommune- og regionsenteret Straume. Planarbeidet for Straume kan du følgja her.
Treng du hjelp?
Kom innom ditt næraste innbyggartorg - vi hjelper deg gjerne!
Du kan også senda ein e-post til planpost@oygarden.kommune.no