Budsjett, økonomiplanar og årsmeldingar

Her kan du lesa budsjett- og økonomiplanen til Øygarden kommune, kvartalsrapportar og årsmeldingar. I tillegg finn du langsiktig økonomi-og samfunnsanalyse. 

Øygarden 2040 - langsiktig samfunns- og økonomiplanlegging

Planlegg investeringar 20 år fram i tid

Kommunen har eit stram økonomisk handlingsrom framover. Samtidig er det politisk ønske om å få til god samfunnsutvikling, og eit høgt ambisjonsnivå for sosial og teknisk infrastrukur. Samla sett gjer dette at vi treng eit godt verktøy for å prioritera kva investeringar kommunen skal gjera framover. Øygarden 2040 er eit viktig kunnskapsgrunnlag for å planlegga og prioritera nettopp dette. Det handlar om å sjå langt nok fram i tid, og sikra at vi gjer gode prioriteringar som står seg på lang sikt. 

Øygarden 2040 vart sist utarbeidd i 2023/2024, og viste då eit samla investeringsbehov på over 4 milliardar kronar fram mot 2040. Investeringane handla i hovudsak om fleire sjukeheimsplassar, omsorgsbustadar, barnehagar og skular. Behovet kjem av vekst i befolkninga, men også fordi kommunen har mange eldre bygg. 

Lenke til Øygarden 2040

Øygarden 2040 var til politisk handsaming februar 2024. I etterkant er det arbeidd med ulike grep som skal redusera investeringsbehovet til kommunen. Det er også gjort fleire ulike politiske vedtak som påverkar investeringsplanen. Det gjeld til dømes bygging av ny sjukeheim på Straume, og ein nyleg vedteken barnehage- og skulebruksplan. Øygarden 2040 er difor under revidering, og er venta ferdig i løpet av 2025. 

Her kan du lesa politisk handsaming av Øygarden 2040

Behovsanalysar

For å sei noko om forventa investeringsbehov framover er det utarbeidd ulike behovsanalysar. Behovsanalysane har som føremål å sikra riktig dimensjonering av kapasitet i helse-, omsorgs- og oppveksttenesta framover. I arbeidet med behovsananlysar ser vi på korleis befolkningsveksten er venta å utvikla seg framover, og korleis tilstanden på dei ulike bygga våre er. Det vert utarbeidd ulike behovsanalysar for ulike tenester. 

Lenke til behovsanalysen for helse og velferd. (PDF, 4 MB)

Lenke til behovsanalyse for idrettsanlegg. (PDF, 4 MB)

Kvartalsrapportar

Årsmeldingar