Spelemidlar for lokale kulturbygg

Dette er ei nasjonal tilskotsordning.

Førehandskonferanse:
Skal du søkja spelemidlar må du bestilla førehandskonferanse i god tid før søknadsfristen.

Søknadsfrist:
Søknad må sendast til Øygarden kommune via anleggsregisteret innan 28. februar.

Krav til spelemiddelsøknadar

  • Øygarden kommune ønskjer å fanga opp potensielle spelemiddelsøknadar så tidleg som mogleg, slik at ein får ei god behandling av desse.
  • Vidaresending av søknader for kommunen til Vestland fylkeskommune er innan 30. april.
  • Alle som skal søkja må gå inn via anleggsregisteret for å leggja inn data, og lasta opp relevante vedlegg som kostnadsoverslag.
  •  Anlegget må vera fullfinansiert før innlegging i databasen.
  • Det er ein del krav som følgjer med ein spelemiddelsøknaden.

Desse vedlegga skal følgja spelemiddelsøknaden

  • Førehandsgodkjende planar med behovsoppgåve for anlegget.
  • Detaljert kostnadsoverslag m/dokumentasjon.
  • Dugnadsarbeid skal gå fram i eit eige oversyn, utført av kvalifisert fagperson, med utgangspunkt i det som etter kostnadsoverslaget skal utførast på dugnad.
  • Finansieringsplan, med utgreiing og dokumentasjon for dei einskilde postane.
  • Plan for bruk, med budsjetterte utgifter og inntekter.
  • Kopi av stadfesta grunnbokutskrift (heimel) for grunnen der anlegget skal byggjast. Ved avtale om feste/leige krev det kopi av tinglyst feste-/leigeavtale på minst 20 år.
  • Godkjent byggesøknad.

Bestilling førehandskonferanse

Øygarden kommune
Telefon 56 16 00 00