Fortel om det som skjer i Øygarden!

Ønskjer laget/organisasjonen din å invitera til eit ope arrangement? Då kan du leggja informasjon om dette inn i kalenderen på nettsida til Øygarden kommune.

Ill.  - Klikk for stort bilete

Informasjon om arrangementet kan du senda inn her:

Send inn arrangement til innbyggjarkalender

Vi gjer merksam på at informasjonen om arrangement vert kvalitetssikra og publisert etter kvart som han kjem inn.

Merk følgjande:

  • Kommersielle arrangement kan ikkje leggjast inn i kalenderen.
  • Eventuelle inntekter må gå til det ideelle formålet til organisasjonen/laget eller andre ideelle formål.
  • Innsendte skjema vert sjekka og kvalitetssikra før publisering i kalenderen.
  • For offentlege arrangement med alkoholservering i regi av frivillige, er vilkåra at ein oppfyller krava om kommunalt skjenkeløyve og andre vilkår i samsvar med alkohollova.