Aktivitetskortet

Aktivitetskortet er eit tilbod til barn og unge mellom 0-16 år frå økonomisk vanskelegstilte familiar. Kortet gir gratis adgang til utvalde aktivitetar og opplevingar.

Aktivitetskortet - Klikk for stort bilete

Målgruppe

Aktivitetskortet er berre for barn og unge med registrert bustadsadresse i Øygarden kommune.

Reglar for bruk av kortet

  • Kortet er personleg, og det er berre du som kan bruke det
  • Kvar billett gjeld for inntil to personar
  • På aktiviteter med avgrensa besøk, kryssar tilbydarane av for kvart besøk på baksida av kortet ditt

Slik brukar du kortet

Utdeling av kort

Kortet er førebels eit prøveprosjekt i kommunen, og det er difor eit avgrensa antal kort som delast ut i år. Kortet vert delt ut av:

  • Barnevernet
  • NAV
  • Flyktningetenesta
  • Ungdomstenesta