Tilrettelagt kultur- og idrettstilbod
Vi har ei rekkje fritidstilbod som er tilrettelagt for både vaksne og barn med nedsett funksjonsevne.
Idrett

- Håndballgruppe i Sotra Sportsklubb: Sotra Gullmini (barn 6-15 år) trener i gymsalen på Danielsen Barne- og ungdomsskole torsdagar frå kl. 18.00 – 19.00: ta kontakt med Katrine Abelsen katrineabelsen@yahoo.no, telefon 922 92 726 eller Aina Larsen telefon 414 28 589.
For vaksne (over 15 år) ta kontakt med Anne Koch anne.koch@fagbokforlaget.no, telefon 975 56 651. Det trengs ingen erfaring. - Bading i Terapibasseng på Straume ein gong i veka. Her er det begrensa plassar.
Kultur
- Kulturskulen i Øygarden har ulike tilbod innan musikkterapi, kor og musikalske gruppesamlingar. Det er óg mogleg å setja opp andre gruppetilbod som til dømes dans, teater eller teikning dersom det er fleire interessentar. Ta kontakt på e-post til kulturskulen@oygarden.kommune.no eller telefon 55 09 68 00 /906 56 836 for å melda interessa di.
- Klubb Knekten møter kvar fyrste måndag i månaden kl. 18.00-20.30 på Straume til mingling, dans og middag og har jamlege arrangement utanom. Minimumsalder er 15 år. Kontakt Karin Bjærum telefon 974 84 550 for meir informasjon.
- Koret Sotrastrilene møter kvar tredje måndag i månaden kl. 17.00 – 19.30. Minimumsalder er 15 år. Kontakt Karin Bjærum telefon 974 84 550 for meir informasjon.
- Livets lys i Foldnes kyrkje ein fredag i månaden kl. 18.00 - 20.00 er eit tilbod til alle utviklingshemma i alle aldrar i heile kommunen. Sosialt treff, musikk og felles måltid. Pris: 50 kr per pers, til eit lodd og mat. Kontakt kyrkjekontoret på telefon 400 03 316 .
Tilgjengeprisen
Tilgjengeprisen vert årleg delt ut av Kommunalt råd for menneske med nedsett funksjonsevne i Øygarden kommune til ein einskildperson, organisasjon, bedrift eller offentleg etat som har gjort ein særs verdfull innsats for å betra tilgjenge for menneske med nedsett funksjonsevne i lokalmiljøet eller kommunen. Her finn du meir informasjon og korleis ein kan nominera kandidatar
Sist endra 08.05.2025 14.01