Her finn du oversikt over tilbod til barn og unge på Kraftsenter for aktivitet på Straume.
Leksehjelp
Oppstart: 4. september – Ingen påmelding.
Her kjem barn og unge mellom 6-19 år for å få hjelp til leksene sine. Eit varmt måltid blir også servert for å auka konsentrasjonen på leksene og for å skapa eit betre sosialt miljø på leksehjelpa.
Tablakurs
Her kjem barn og ungdom for å lera å spela indiske Tablatrommer. Dette er eit kulturelt tilbod som ikkje fins andre stadar i kommunen eller nabokommunen.
Kontakt for påmelding: 932 91 841
Ungdomskafé
Ungdomskafé på Kraftsenteret er fredagar kl. 17.00 - 21.00. Her kjem ungdom mellom 13-19 år for å verta sosialisert med annan ungdom på tvers av kulturar. Brettspel, PlayStation, dansesal, musikkstudio, bordtennis og Foosball er tilgjengeleg. Her vert det også servert eit varmt måltid for å auka det sosiale samhaldet mellom deltakarane. Det er ingen påmelding.
Jentegruppe
Denne aktiviteten er sett opp for å skapa ein møteplass for jenter med ulik kulturell bakgrunn som av forskjellige grunner ikkje deltar i andre aktiviteter der gutar óg er med. Dette lavterskeltilbodet bidrar til auka sosialt samhald blant jenter mellom 13-19 år som ellers ikkje deltar, eller i liten grad deltar på fritidsaktivitetar. Jentegruppa har to kvinnelege leiarar, og drar på utflukter som gokart, skøyter, klatreparker, kino eller har aktiviteter på Way Forward sitt lokale.
Kontakt: Instagram: @jentegruppewayforward | Telefon: 415 23 707 (Sara Iden)
Utleige
Alle i kommunen kan leiga lokalet gratis til barnerelaterte feiringar og konfirmasjon. Ved utlån: Ta kontakt med Richard Kiwanuka på 973 27 640. Det er gratis å leiga lokalet.
Alle spørsmål retta på «Kraftsenter for aktivitet» kan rettast til Richard på 973 27 640.