Badeplassar

I Øygarden har vi seks offentleg tilrettelagde badeplassar, utstyrt med toalett, bord og benker, bosspann og offentleg ettersyn. Alle desse seks badeplassane har stort sett svært god badevasskvalitet og det vert teke bakterielle prøvar fem gonger i løpet av badesesongen (mai-september) for å sikra ei trygg og hyggeleg badeoppleving. I tillegg vert det teke prøvar frå Skiftedalsvatnet på Foldnes og Smånipatjørnet på Kausland då det er mange badande der. 

Offentlege tilrettelagde badeplassar

Andre badeplassar som ikkje er offentleg tilrettelagde

Heilårsbading/sauna

Heilårsbading har vorte meir og meir populært dei siste åra, og fleire tek seg ein dukkert uavhengig av kva dato kalenderen viser. Mange nyttar seg av ein av Øygarden sine offentlege tilrettelagde badeplassar, eller hoppar frå eit skjer eller ein kai med redningsstige. Dei siste åra har det òg dukka opp fleire flytande saunaer som tilbyr dampande varme mellom dukkertane. Vinteren på Vestlandet kan likevel som me veit vera våt, med mykje nedbør og veldig ofte i form av regn. Dette kan by på nokre utfordringar med tanke på vasskvaliteten.

Prøvetaking av badevatnet

I Øygarden kommune er det stort sett svært god badevasskvalitet i båe sjø og i vatn. For å sikra ei trygg og hyggeleg badeoppleving, tek kommunen bakterielle prøver fem gonger i løpet av badesesongen (mai-september) på dei seks offentleg tilrettelagde badeplassane vi har i kommunen. I tillegg vert det teke prøvar frå Skiftedalsvatnet på Foldnes og Smånipatjørnet på Kausland då det er mange badande der.

Dette er ein del av vårt kontinuerlege arbeid for å oppretthalda høg vasskvalitet og sikra at badevatnet er trygt for alle. Dersom vi får resultat frå prøvane med høge verdiar av bakteriar, vert det annonsert på nettsidene til kommunen. Det vert også sett opp skilt der vi ikkje tilrår bading frem til verdiane har normalisert seg.  

Det vert ikkje teke prøvar andre stader i kommunen, og vi oppmodar difor alle til å følgja dei lokale retningslinjene for bading:

  • Unngå bading etter kraftig regn: Store nedbørsmengder kan føra til forureining av badevatnet, og vi tilrår difor å venta med bading til 1-2 døgn etter kraftig regn.   
     

Kommunen overvaker derimot ikkje badevatnet andre stader enn desse badeplassane, og det er difor viktig at du gjer di eiga vurdering av om det er trygt å bada andre stader. Til dømes kan det vera høge konsentrasjonar av bakteriar i sjø eller vatn der det er mykje dyr eller fugl som oppheld seg. Dette kan til dømes vera i strandkanten på dammar/bukter/våger med lite vassutskifting. Det er då spesielt små barn som er mest utsette for å bli sjuke, då dei oppheld seg i strandkanten og gjerne et sand og drikk forureina vatn. Les mer om helserisiko ved friluftsbading her.

Sjuk etter bading?

Vi vil høyra frå deg om du mistenkjer at du har blitt dårleg eller sjuk etter bading. Meld dette til postmottak@oygarden.kommune.no og merk e-posten med «til Kommuneoverlegen - sjukdom ved friluftsbading». 

Mykje nedbør = dårleg vasskvalitet

Store nedbørsmengder (over 30-40 mm) vil som regel gje mellombels dårleg vasskvalitet. Dette betrar seg som regel etter eitt til to døger. Les meir om dårleg badevasskvalitet ved mykje nedbør her.

Badetemperatur

Det vert ikkje tatt rutinemessige målingar av badevasstemperaturen, men vi måler og registrerer temperaturen ca. ein gang pr. månad i samband med prøvetaking av badevasskvaliteten (bakterieprøvar). Dette vert registrert hjå yr.no.