Straumstønad

Regjeringa har innført ei støtteordning for straum for å hjelpe med å handtera ekstraordinære straumprisar. Ordninga gjeld straumforbruk frå og med desember 2021 til og med mars 2023.

Les meir om ordninga her

Bakgrunn

Øygarden kommune har den siste tida motteke mange førespurnader om straumstønad og ønskjer å informere om kven denne ordninga gjeld for og korleis du kan få stønad for eigedomen din.

Kommunen har ikkje noko å gjera med ordninga for straumstønad. Det er Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) som er rette myndigheit til å avgjera kven som har rett på stønad. NVE hentar likevel informasjon om eigedomen frå matrikkelen, som kommunane nyttar for registrering av bustader.

Retting i matrikkelen

Det er berre heilårsbustader som gjev ein rett på straumstønad. Du finn informasjon om kva eigedomen din er registrert som på https://seeiendom.kartverket.no/. Dersom du meiner at bygninga er godkjent som bustad etter plan- og bygningslova, kan du senda krav om retting av matrikkelen til postmottak@oygarden.kommune.no.

Dette vil føra til at du kan få straumstønad, men kan og gjera at satsane for kommunale avgifter og grunnlaget for eigedomsskatt vert endra.

Bygningar som er bygd og registrert som fritidsbustad/hytte er ikkje omfatta av ordninga, og kan ikkje krevja retting i matrikkelen.

Bruksendring

Viss du har ein fritidsbustad som du ønskjer å få straumstønad for, må du søkja om bruksendring. Ligg eigedomen i eit område regulert til fritidsbygging, krev bruksendringa dispensasjon. Ein kan ikkje forventa å få innvilga dispensasjonen. Ved ei eventuell bruksendring frå fritidsbustad til bustad, må ein og oppfylla alle gjeldande tekniske krav, samt krav i plan. Bruksendring krev søknad og bruk av ansvarlege føretak.

Kven skal du kontakta

Viss du har ein eigedom du meiner kjem inn under ordninga, må du kontakta nettleverandøren din.

Andre kjelder: