Førstegongsseksjonering

Kva er ei førstegongsseksjonering? 

Førstegongsseksjonering er å dela opp éin eller fleire bygningar i eigarseksjonar, slik at fleire kan eiga kvar sin del av bygningsmassen. Du kan søkja om førstegongsseksjonering sjølv, og du treng ikkje fagkunnskap for å søkja.

Seksjonering eignar seg for oppdeling av bustadblokker, horisontaldelte to- og firemannsbustader, næringsbygg i fleire etasjar med forskjellige brukarar av etasjane og liknande.

Ein eigarseksjon består av ein sameigeandel i eigedomen (alt som er felles) og ein einerett til å bruka ein bestemt del av eigedomen, dvs. brukseining.

Slik søkjer du

Du søkjer om førstegongsseksjonering ved å fylla ut søknadsskjema, søknad om seksjonering.

Søk om seksjonering

Sjå veiledning til utfylling av "søknad om seksjonering"

Dokumentasjon til søknad

  • Situasjonskart over eigedomen som viser eigedomsgrenser og busetnad på eigedomen. Les meir om situasjonskart
  • Planteikningar over etasjane i bygninga, inkludert kjellar og loft. På teikningane skal brukseininga sitt areal og avgrensingar, forslag til seksjonsnummer og bruken av dei enkelte rom gjevast opp tydeleg. (kommunen hjelper til med inndeling i seksjonar). 
  • Vedtektene til sameiget (desse skal berre følgja med begjæringa og skal ikkje tinglysast).
  • Tinglysingssperre. Har du ein urådigheit tinglyst på eigedomen, må den som står som eigar av denne samtykkja til søknaden. Dersom du er usikker på om du har dette, kan du kontakta Kartverket, eller kontrollera grunnboka sjølv
  • Er de er fleire eigarar av eigedomen og eigarandelene deira er dei same før og etter seksjoneringa, kan dykk fordela seksjonane mellom dere i samand med seksjoneringa. Fyll i tilfelle ut og legg ved skjemaet Fordeling av sameieandeler ved seksjonering på Kartverket sine nettsider.

Send inn søknad

Søknad med vedlegg skal sendast til kommunen:

Øygarden kommune
Ternholmvegen 2
5337 Rong

Søknaden skal leverast i to eksemplar, alle i orginal då det er krav til orginale signaturar vidare mot tinglysinga.

Seksjonering av uteareal

Sjå eiga side for seksjonering av uteareal

Pris for oppmåling

Her finn du prisar for oppmåling