Kva er ei førstegongsseksjonering?
Førstegongsseksjonering er å dela opp éin eller fleire bygningar i eigarseksjonar, slik at fleire kan eiga kvar sin del av bygningsmassen. Du kan søkja om førstegongsseksjonering sjølv, og du treng ikkje fagkunnskap for å søkja.
Seksjonering eignar seg for oppdeling av bustadblokker, horisontaldelte to- og firemannsbustader, næringsbygg i fleire etasjar med forskjellige brukarar av etasjane og liknande.
Ein eigarseksjon består av ein sameigeandel i eigedomen (alt som er felles) og ein einerett til å bruka ein bestemt del av eigedomen, dvs. brukseining.
Slik søkjer du
Du søkjer om førstegongsseksjonering ved å fylla ut søknadsskjema, søknad om seksjonering.
Søk om seksjonering
Sjå veiledning til utfylling av "søknad om seksjonering"
Dokumentasjon til søknad
Send inn søknad
Søknad med vedlegg skal sendast til kommunen:
Øygarden kommune
Ternholmvegen 2
5337 Rong
Søknaden skal leverast i to eksemplar, alle i original då det er krav til originale signaturar vidare mot tinglysinga.
Seksjonering av uteareal
Sjå eiga side for seksjonering av uteareal
Pris for oppmåling
Her finn du prisar for oppmåling