Ei grensejustering er ei mindre endring av grensa mellom to eigedomar.
Kriterier for grensejustering
- Arealet mellom to eigedomar kan aukast eller reduserast med inntil 5 prosent, men maksimalt 500 m².
- Ingen av eigedomane kan avgje eit areal som overstig 20 % av arealet til eigedomen før justeringa (80 % av eigedomen sitt areal må liggja i «ro»).
- Verdien av eigedomen kan ikkje reduserast eller aukast med meir enn grunnbeløpet i folketrygda (1G).
- Areala som vert berørt av grensejusteringa, må vera regulerte til same formål. Grensejustering mellom areal mellom ulike formål (til dømes veg og bustad) krev søknad etter plan- og bygningslova.
- Ved større endringar skal det søkjast om arealoverføring.
Slik søkjer du
Grensejusteringar krev ikkje søknad eller løyve etter plan- og bygningslova, men du må fylla ut skjemaet Rekvisisjon av oppmålingsforretning.
Søknad om rekvisisjon av oppmålingsforretning
Dokumentasjon til søknad:
Situasjonskart som viser eksisterande grenser og ny/ønskt grense. Les meir om situasjonskart
Send inn søknad
Søknad med vedlegg skal sendast til kommunen på e-post eller per post:
Øygarden kommune
Ternholmvegen 2
5337 Rong
Kva skjer vidare?
Kommunen vil vurdera om kriteria for grensejustering er oppfylt. Vert søknaden godkjend, vert partane kalla inn til oppmålingsforretning der dei nye grensene vert målt og merkt i marka.
Pris
Her finn du prisar for oppmåling
Sist endra 24.09.2025 09.37